”Mitt Haukeland”: 100 år i teneste 

Logo 

Mange er dei som gjennom åra har hatt sitt daglege arbeid ved Haukeland,
har fått behandling på sjukehuset, har fødd her, vore på besøk her - eller som berre veit at sjukehuset er der om dei treng det. Alle desse kan med rette tenkje på sjukehuset som ”sitt Haukeland”.



Vi tar dagens avanserte sjukehustilbod for gitt, men dette er resultatet av eit formidabelt arbeid som tilsette på sjukehuset har bidrege med gjennom desse hundre åra. Vi kan enno gå i dei same gangane som dei første pasientane gjorde i 1912, vi har hundre år gamle bygningar som enno er i dagleg bruk. Men det har vore ei kolossal utvikling, innhaldet i bygningane er noko heilt anna enn det var i januar 1912.


   

Sjukehuset er bygd på området til gamle Haukeland gard. Her har forskarar kjempa for å finne medisin mot farlege infeksjonssjukdomar, her blei Noregs første treårige utdanning for sjukepleiarar oppretta. Dag for dag gjennom 100 år, har tilsette gitt sitt bidrag til det sjukehuset vi har i dag.

Vi er stolte over sjukehuset vårt, og vi ønskjer å arbeide på ein slik måte at alle kan vere trygge på at dei får den hjelpa dei treng. Pasientsikkerheit vil vere ei av fanesakene i år, dette er viktig for å sikre at pasientane får god behandling.

”Haukeland i 100!” er også stikkord for jubileumsfeiringa. Som ein livskraftig 100-åring er vi på full fart inn i framtida. 2012 var året da vi verkeleg var i farta. Vi var synlege på både vanlege og uvanlege stader.

Det viktigaste innhaldet på nettsida er likevel det historiske innhaldet.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Telefon 05300
Besøksadresse: Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Postadresse: Postboks 1400, 5021 Bergen
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga
Facebook  Twitter Flickr  YouTube Instagram