Om oss 

Kontakt oss
Telefon 05300
Org.nr. 983 974 724
postmottak@helse-bergen.no       

Besøksadresse
Haukeland universitetssjukehus,
Jonas Liesvei 65
5021 Bergen

Postadresse
Haukeland universitetssjukehus,
Postboks 1400
5021 Bergen

Kart over Haukeland 




Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har om lag 11.800 tilsette som kvar dag har som mål å gje best muleg behandling og pleie til pasientane våre.

Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og vi utdannar eit par tusen helsearbeidarar.

Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er Noregs nest største medisinske forskingsmiljø. Vi har dessutan ei rekkje kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan. Budsjettet vårt er på om lag 9,4 milliardar kroner.

Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Nettsider på nynorsk
Kultur- og kyrkjedepartementet har vedtatt at helseføretaka fell inn under Lov om målbruk i offentleg teneste. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Haukeland universitetssjukehus har derfor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, der i blant pasientar og pårørande, skal vere på nynorsk. Det gjeld også nettsidene www.helse-bergen.no.

Personopplysningar via e-post
Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post.
Sjukehuset har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar på e-post.
Dersom innhaldet i e-posten er av ein slik art at den skal saksbehandlast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.
Saksbehandlinga skjer ikkje alltid raskare sjølv om saka er sendt via e-post.

Fakta  Fakta

Avdelingar
Poliklinikkar
Nasjonale og regionale tenester
Organisasjonskart

Ca. 11 800 tilsette
Ca. 8 250 årsverk
Budsjett: 9,4 mrd. kroner

Om lag 450-500.000 menneske har Haukeland universitetssjukehus som lokalsjukehus. I tillegg har vi regional funksjon for om lag 1 million menneske. Føretaket har og nokre nasjonale behandlingstenester. Her finn du oversikt over dei regionale og nasjonale tenestane våre.

Styret
Leiinga
Årsrapportar
3-3 meldingar om uønska hendingar

Nyttig  Nyttig

Aktivitetar - Webdel for utlisting av sider  Aktivitetar

For media  For media

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Telefon 05300
Besøksadresse: Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Postadresse: Postboks 1400, 5021 Bergen
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga
Facebook  Twitter Flickr  YouTube Instagram