Kulturveka Bjørgvin DPS:

- Ei frisone  

- Mange opplever det å synge som ei frisone i sjukdommen, og at det er enklare å vere saman med andre i fellesskapet musikken gir, seier musikkterapeut ved Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) Øystein Lydvo.
Av Tekst og foto: Øyvind Blom & Fotoverkstad Bjørgvin DPS, Haukeland universitetssjukehus
 

Sjå bildene på Flickr
Sjå kunstutstillinga på Kulturveka 2011

- Har nokon eit forslag til kva for ein låt vi tar no?, spør Lydvo .
- ”Don`t worry be happy” - den treng vi i dag, kjem det lattermildt frå salen.
- Okei, då syng vi den, seier Lydvo. Han teller opp og spelar gitarkomp inntil Bobby Mc Ferrin-låten frå nittitalet og syng saman med forsamlinga.  

  Musikkterapeut Øystein Lydvo
Musikkterapeut Øystein Lydvo

Vi er på musikkcafè i gymsalen til Bjørgvin DPS på Tertnes. Trening og ballspel er i Kulturveka bytta ut til fordel for kunstcafè. Om lag 40 pasientar og tilsette er samla her i kunsterisk utsmykka omgjevnader.

Byggje ned fordommar
- Vi vil med Kulturveka vere med å byggje ned myter og fordommar mot psykiske lidingar, seier kulturvekeansvarleg Hans Marius Solevåg.

Solevåg fortel om tilbakemeldingar frå ulike aktivitetshus og andre kreative stader i Bergen at Kulturveka på Bjørgvin er blitt ein motiverande faktor og inspirasjon gjennom året for kunstnarar. Det gjeld Galleri Vox, Amalie Skrams Hus, Linken aktivitetsenter, Hieronimus og Fredheim aktivitetshus.
- Alle desse stadane har produsert fantastiske bilder som blir sett saman av kunstterapeut Trine Justesen på Bjørgvin DPS, seier Solevåg.

Sjå litt av kunstutstillinga i bildeseriane over og sjekk resultatet frå Fotoverkstaden.

Plateslepp og konsert
Sanghefte og små rytmeinstrument ligg rundt på borda i musikkcafeen. Utvalet spenner over alt frå Donkeyboy til ”Den fyrste song” av Per Sivle.
- Enkelte pasientar hos oss skriv eigne låtar og spelar inn plate til familie og vener, så vi har fleire plateutgivingar i året, seier Øystein Lydvo.

Bjørgvin DPS sitt eige husband Fønix, som består av tre pasientar og han sjølv, har konsert saman med bandet frå Fredheim aktivitetshus i Bergen kommune ei stund etter at cafèen er ferdig.

- I husbandet velgjer vi ny musikksjanger kvart år. I år vart det Country & Western, smiler Lydvo som er gitarist i Fønix. På konserten blir det plateslepp, og han går for å rigge instrument og lyd.

Høyr smakebit
20 låtar er spelt inn på den heilt nye CDen som skal sleppast. Her får du høyre ein ekslusiv smakebit, gjengitt med tillatelse frå bandmedlemane: 
Spor nummer 10: Achy Breaky Heart (Billy Ray Cyrus-cover) mp3-fil


Øvingslokalet til husbandet Fønix


Publisert 26.10.2011 12:55 | Endret 26.10.2011 14:18 

 Publisert av eining

 Fakta:

Kulturveka blir arrangert for sjette gong på Bjørgvin DPS mellom 24. og 28. oktober 2011.

Den nyutnemnde ordføraren i Bergen, Trude Drevland stod for den offisielle opninga mandag.

Målet med kulturveka er å gi brukarar av psykisk helsevern ein arena til oppleving gjennom kunst og kultur.

Kunstutstilling, fotoverkstad, måleverkstad, film og føredrag er også på programmet under årets kulturveke.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo