55 tilsette i Helse Bergen er no tatt ut i streik. Leiinga ved sjukehuset vurderer situasjonen som alvorleg, og at det vil vere fare for liv og helse dersom ikkje dispensasjonane som sjukehuset har søkt om blir gitt.
Uttaket frå 13 juli fordeler seg slik:
• Ambulansearbeidarar Akuttmedisinsk seksjon 14 stk.
• Ingeniør/preparant, sekretær, konsulent, lab.ass Avdeling for patologi 5 stk.
• Fagarbeidar Psykiatrisk divisjon 1 stk.
• Preparant Mikrobiologisk avdeling 2 stk.
• Sekretær Kvinneklinikken 1 stk.
• Sekretær Dokumentasjonsavdelinga 2 stk.
• Sekretær Radiologisk avdeling 2 stk
Pr i dag er det gitt dispensasjon for de ambulansetilsette sjukehuset har søkt for. Det gjer at akuttberedskapen er intakt, dei raude og gule turane går som normalt.
Det er også søkt om dispensasjon for to tilsette ved Avdeling for patologi. Dersom ikkje dispensasjonen vert gitt til dei tilsette frå Avdeling for patologi frå onsdag morgon 14.juli, vil det oppstå fare for liv og helse. Dette er knytt til at forsinka diagnosar fører til utsett val av terapi, forsinka tidspunkt for igangsetting av livsnødvendig behandling, så vel som vurdering av forløpet i behandlinga, effekt av terapi og eventuell alternativ behandling.
Praksis så langt under streiken har vore at det har blitt gitt dispensasjon for akutte oppdrag og for transportturar frå lågare til høgare omsorgsnivå, for eksempel frå sjukeheim til sjukehus.
Det kan bli noko lengre ventetid for transport frå sjukehus til sjukeheim og liknande sidan desse turane ikkje er omfatta av dispensasjonane som er gitt. Så langt har dette ikkje vore noko problem sidan avdelingane har vore flinke til å finne alternative transportløysingar.
For dei andre funksjonane som er råka av streiken, arbeider leiarane på dei ulike einingane for å finne andre løysningar slik at det i første omgang ikkje vil være nødvendig å søke dispensasjon.
Ambulanseområda som er ramma av streik er områda Nord, Sør og Sentrum.
Publisert
13.07.2010 15:05 |
Endret
13.07.2010 15:12