Dårleg ver bra for huda  

Lokalt store nedbørsmengder og uendra eller litt lågare temperatur. Det har med andre ord ikkje vore fare for fint ver dei siste vekene. – Lyspunktet er at dårleg ver gjer godt for huda, seier seksjonsoverlege ved Hudavdelinga, Turid Thune.
Av Anette Hellstrøm, Foto: Colourbox.com
 



Det er vanskeleg å ikkje drøyme seg vekk til sus i palmetre, sand under føtene og steikande sol frå skyfri himmel når det pøsar ned i verdas vakraste by. Men det er aldri så vondt at det ikkje er godt for noko, skal vi tru Thune. Ho listar villig opp fleire fordelar ved dei regntunge skyene;

Unngår for tidleg aldring
– Det er umuleg å bli solbrent i dette veret, så sjansane for å utvikle potensiell hudkreft forsvinn heilt. Samstundes er det ikkje så viktig å halde seg i skuggen mellom klokka 11 og 14, som vi anbefaler når solsteiken står på som mest, forklarar Thune.

– Sol blir rekna for å vere ein ytre stressfaktor på lik linje med røyking og forureining. Når det ikkje er teikn til sol unngår ein derfor hudproblem som rynker, for tidleg aldring og dei frykta pigmentflekkane.

Økonomisk gunstig
Huda utfører mange viktige oppgåver. Den vernar, held kroppstemperaturen stabil og varslar om fare.

– Eksponering for UVA-stråling gjer huda mindre elastisk, tørr og ru. Med skikkeleg vestlandsver er det ingen fare for at huda blir uttørka, og ein slepp unna høge utgifter på solkrem, seier Thune.

Litt sol er sunt
Men det er ikkje dermed sagt at vi ikkje skal ønskje godvêret velkomen. Sollys aktiverer metabolismen, stimulerer blodomløpet og er fordelaktig for immunsystemet.

– Dersom ein brukar solvett, er det ingen grunn til å halde seg i skuggen heile sommaren. Sola er tvert i mot sunn for oss - i moderate mengder, understrekar Thune.


Publisert 23.07.2010 08:40 | Endret 13.08.2010 10:26 

 Publisert av eining

 ‭(Skjult)‬ Handlar om

 Dersom sola kjem:

1. Ta pausar frå sola - unngå å bli solbrent.
2. Bruk klede, solhatt og solbriller.
3. Bruk solkrem med minimum faktor 15.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Tlf 05300
Org. nr: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgiver Geir Andre Bakke | Kommunikasjonsavdelinga