Millionar til diabetesforsking 

Diabetes- og fedmeforsking ved Universitetet i Bergen og Barneklinikken er tildelt rundt 18 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).
Av Jens Helleland Ådnanes, UiB, Foto Øyvind Blom, Haukeland universitetssjukehus
 

Forsking på diabetes og fedme ved Universitet i Bergen får dermed ei stor anerkjenning frå Det europeiske forskingsrådet. Professor og barnelege Pål Rasmus Njølstad ved UiB forskar på gener som kan vera assosierte med overvekt og diabetes. Ved hjelp av Den norske mor og barn-undersøkelsen vil han gå djupare i forskinga. Undersøkjinga samlar biologisk materiale og spørjeskjemadata frå over 100.000 svangerskap.

Pål R. Njølstad Professor og barnelege Pål Rasmus Njølstad ved UiB og Barneklinikken forskar på gener som kan vera assosierte med overvekt og diabetes.

Les meir på nettsidene til Universitetet i Bergen.



Publisert 28.10.2011 14:55 | Endret 31.10.2011 11:24 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Telefon 05300
Besøksadresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen | Postadresse: Postboks 1400, 5021 Bergen
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga
Facebook  Twitter Flickr  YouTube Instagram