På veg mot donorrekord? 

Ein fersk rapport frå Oslo universitetssjukehus viser rekordhøgt samtykke til organdonasjon så langt i 2010. Tala ved Haukeland universitetssjukehus peikar i same retning. – Så langt i år har 8 intensivpasientar blitt organdonorar framfor 9 i heile fjor, seier donorlege Gunhild Holmaas.
Av Anette Hellstrøm, Foto: Siv Dolmen/Stiftelsen Organdonasjon
 



Til ei kvar tid står nærmare 300 menneske i Noreg på venteliste for organtransplantasjon. Ikkje sidan rekordåret 2005, då det vart utført 14 donasjonar ved Haukeland, har talet på organdonorar ved sjukehuset vore høgare enn i 2009. Sjølv om talet på donasjonar varierer frå år til år, er sjansane for å overgå fjoråret store. 

Bevisstgjering på Facebook
Holmaas, som også er medlem i ei nasjonal faggruppe for organdonasjon, trur auken dei siste åra kan skuldast satsinga frå Helsedirektoratet og Stiftelsen Organdonasjon.

– Fokus på temaet gjennom til dømes sosiale media og fjernsyn gjer at folk snakkar om det heime. På den måten kjenner dei pårørande haldninga til avdøde når dei må velje å seie ja eller nei til organdonasjon, seier ho.

I april i år la stiftelsen Organdonasjon seg ut på Facebook, og så langt har talet på medlemmar stige til over 155 000.

Det er lov å seie nei
For å bli donor, må ein person vere påvist hjernedød. Det vil seie sikker sjukdom/skade i hjernen, ingen respons frå hjernenervane ved testing og ingen blodsirkulasjon ved hjerneangiografi. Dei pårørande blir spurde om dei veit, eller kan tenkje seg, kva avdøde ville ha meint om organdonasjon, og dei svarer ja eller nei på vegne av avdøde.

– Vi ønskjer sjølvsagt at dei pårørande som kan seie ja, gjer det. Vi vil ikkje presse nokon, men saman med pårørande prøver vi å kome fram til kva haldning avdøde hadde. Vi respekterer begge svar heilt og fullt, samtidig er vi opne om at det er eit mål å få til ein donasjon, seier donorlegen.

Gode oppfølgingsrutinar
Ikkje alle som blir erklært hjernedød er aktuelle som donorkandidatar. Av 13 registrerte hjernedøde på Haukeland så langt i 2010 er det berre ni familiar som har vore spurde om organdonasjon. Ein av familiane svarte nei.

– Det er viktig med gode prosedyrar på sjukehuset for å ta opp temaet og for å følgje opp pårørande – både dei som har sagt ja og dei som har sagt nei, seier Holmaas.

 

 

 

 


Publisert 29.07.2010 10:00 | Endret 29.07.2010 11:48 

 Publisert av eining

 ‭(Skjult)‬ Handlar om

 Fakta

  • Rikshospitalet utførte den første nyretransplantasjonen i Noreg i 1956, og er det einaste sjukehuset i landet som utfører organtransplantasjon.
     
  • Det er 28 norske sjukehus som er godkjente donorsjukehus og kan gjennomføre organdonasjon frå avdød givar.
     
  • I Noreg blir mellom 320 og 360 personar transplantert kvart år. Dei fleste blir transplantert med organ frå avdød givar, medan rundt 80 og 90 personar får nyre frå levande givar.
     
  • Frå avdød givar kan hjerte, lunger, lever, bukspyttkjertel og nyrer bli brukt til organtransplantasjon.

Kjelde: www.rikshospitalet.no

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Tlf 05300
Org. nr: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgiver Geir Andre Bakke | Kommunikasjonsavdelinga