Etter at ein tidleg i juli oppdaga manglande automatisk utsending av 1654 brev, har Helse Bergen hatt full gjennomgang av rutinar for elektronisk utsending av dokument. Gjennomgangen har vist at det kan vere ytterlegare brev som ikkje er sendt ut.
I alt er det usikkert om 3431 brev er sendt ut eller ikkje. Breva, som skulle vore sendt ut i tidsrommet 26.april fram til midten av juli, er for det meste pasientinformasjon til fastlegar og anna helsepersonell.
Ingen vesentlege konsekvensar
– Då vi oppdaga at det kunne vere manglande utsending av fleire brev, gjekk alle avdelingar straks gjennom dei aktuelle breva og sendte ut kopiar. Pasientane som er berørte vert følgt opp. Dette er uheldig for både pasientar og samarbeidspartnarar, men så langt viser det seg heldigvis at det ikkje har hatt alvorlege medisinske konsekvensar for pasientane våre, seier viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Anne Sissel Faugstad.
Dei fleste breva er polikliniske notat, som kan ha ført til blant anna forseinka tilvising og forseinka NAV-utbetaling.
I avdelingane sin gjennomgang viste det seg òg at nokre av breva det har vore knytt usikkerheit til, likevel er sendt ut manuelt. Dette er ikkje registrert i journalsystemet. Nokre pasientar har òg fått den informasjonen dei skal ha på annan måte frå sjukehuset.
Feil bruk
Helse Bergen innførte nytt, elektronisk pasientjournalsystem i vår. Då det sist vart oppdaga manglande automatisk utsending av brev, var årsaka at ein funksjonalitet i systemet ved ein feil var blitt slått av. Årsaka til at det er usikkert om ytterlegare brev ikkje er sendt ut, er denne gongen feil bruk av det nye systemet.
– Vi har hatt grundig opplæring med i alt 8000 brukarar og solid oppfølging etter at det nye systemet vart innført, understrekar Faugstad.
– Men overgangen frå eit elektronisk system til eit heilt anna er likevel vanskeleg. No handlar det om å bli heilt trygge i bruken av det nye systemet.
Dagleg oppfølging
Helse Bergen jobbar no med å betre rutinane for å sikre at feil bruk av det nye pasientjournalsystemet ikkje skal skje igjen.
- I ein periode no følgjer vi med på systemet og den automatiske brevutsendinga dagleg. I tillegg har vi vore i kontakt med leverandør for å diskutere systemforbetringar, som også vil kome andre helseføretak til gode. Vi er svært lei oss for det som har skjedd og dei konsekvensane det kan ha ført til for nokre pasientar og samarbeidspartnarar, seier Faugstad.
Publisert
22.07.2010 15:15 |
Endret
22.07.2010 15:28