Akutt hjerneslag - Ei orientering til pasientar og pårørande  

 
 

Hjerneslag er ein av våre tre store folkesjukdommar. Hjerneslag er den viktigaste årsaka til varig invaliditet i befolkninga og er vår tredje hyppigaste dødsårsak etter hjarteinfarkt og kreft.

 

Vi reknar med at om lag 12.000 nordmenn får hjerneslag kvart år, og at det i Noreg lever om lag 50.000 menneske som har hatt eit slag.

Risikoen for hjerneslag aukar med alderen, og med stadig fleire eldre i befolkninga vil denne sjukdomsgruppa auke i åra som kjem.

Akuttbehandling og rehabilitering av pasientar med hjerneslag er derfor ei av dei største utfordringane som helsevesenet står ovafor i dag og i åra som kjem.

Hjerneslag er ein plutseleg skade på hjernen på grunn av forstyrring i blodtilførselen til hjernen. I rundt 90 prosent av tilfella skuldast slaget eit hjerneinfarkt på grunn av at ein blodpropp stoppar til ei blodåre i hjernen.

I rundt ti prosent av tilfella skuldast slaget ei hjernebløding på grunn av at ei blodåre sprekk.
Alvorlege varselsymptom på eit trugande hjerneslag kan vere ei forbigåande lamming, forstyrring av taleevna eller tap av synet på eit auge. Sjølv om symptoma er lette eller forsvinn raskt, er dei teikn på ein alvorleg sjukdom. Symptoma på eit fullbyrda hjerneslag kan variere frå til dømes ei svært lett kraftnedsetting i ei hand til plutseleg bevisstløyse og død. 
Figur 1. CT-bilete av hjernen. Hjernebløding (A). Hjerneinfarkt (B) 
   

Kor alvorleg eit hjerneslag er, kjem an på kvar i hjernen skaden sit og kor stor del av hjernen som er skadd. Skader i ein hjernehalvdel gir lammingar i den motsette kroppshalvdelen.

Akutt hjerneslag er ein medisinsk nødsituasjon. Ved symptom på hjerneslag skal du ringe medisinsk nødnummer (113) eller kontakte legen din og bli innlagt raskast muleg i sjukehus. Dette gjeld også i dei tilfella der symptoma går over av seg sjølv.

På sjukehuset blir det gjennomført ei rekke undersøkingar for å finne ut kva som gjekk gale i hjernen, og kvifor. Dersom vi skal ha håp om å redde hjernevev frå varig skade, må du eller dine pårørande handle med ein gong!

Når pasient eller pårørande ringer 113, blir det seg i gang eit stort apparat for å sikre raskast muleg innlegging i sjukehus: AMK-sentralen (113) alarmerer ambulansetenesta, som rykker ut med blåljos; akuttmottak blir halde orientert om når pasienten kjem fram; sjukepleiarar i akuttmottak og nevrologisk vaktlege er informert om ein ny pasient; laboratoriet er klar for å ta blodprøver; Radiologisk avdeling gjer klar for røntgenundersøkingar; og sjukepleiarar ved slageininga førebur akuttbehandlinga allereie. 

Ein kikk inn i den slagramma hjerne
Med røntgenundersøkingar som CT (computer-tomografi) eller MR (magnet-tomografi)  kan vi sjå bilete inne i hjernen.
Vi kan i løpet av få minutt sjå om det dreier seg om ei hjernebløding (sprekk i blodåra) eller eit hjerneinfarkt (blodpropp i blodåra).
MR-undersøkinga hjelper oss også til å kartlegge kva for område i hjernen som er i fare for å døy, men som framleis kan bli redda med effektiv behandling.
Røntgenundersøkingar av hjernen sine blodårer (CT-angiografi/ MR-angiografi) kan vise kvar blodproppen sit. Ultralydundersøkingar (doppler) kan også vise om blodårene på halsen eller inne i hjernen er tette eller opne. Ultralyd kan brukast ved sjukesenga til pasienten for å følgje utviklinga til blodproppen. eksempel til dømes om blodproppen i hjernen løyser seg opp under behandling (trombolyse) eller om det stadig sirkulerer blodproppar i blodårene. Kva for undersøkingar som ein har tilgang på i akuttfasen vil variere mellom dei enkelte sjukehusa i Noreg, og ikkje alle undersøkingar er nødvendige hos alle pasientar. Men dei nye undersøkings- metodane gir oss mulegheit til å tilpasse den medisinske behandlinga på ein måte som for få år sidan var vanskeleg å sjå føre seg.
 
Figur 2. MR-bilete av hjernen. Område i venstre hjernehalvdel, som lider under mangel på blod og oksygen. Pil 1 peikar mot eit område som ennå ikkje er irreversibelt skadd (grått). Pil 2 peker mot eit område som ikkje lenger kan reddast med behandling (kvitt).

Figur 3. MR-bilete av blodårer: Hjernen sine blodårer er her sett framanfrå. Pil 1 viser ein normal hovudpulsåre. Pil 2 peikar mot ein blodpropp og manglande blodstrøm i venstre hovudpulsåre
   

Nye medikament reddar hjernevev
Hjerneinfarkt
.

Medikament som kan løyse opp blodproppen (trombolytisk behandling) er den einaste akuttbehandlinga som kan redusere hjerneskaden ved eit akutt hjerneinfarkt. Dersom behandlinga skal ha nokon verknad, må den bli sett inn i løpet av dei aller første timane etter at slaget starta. Behandlinga føreset derfor direkte innlegging i sjukehus. Behandlinga reduserer risiko for død og invaliditet etter eit hjerneinfarkt, men medfører også ein auka risiko for blødingar. Behandlinga krev derfor at sjukehus som tar imot slagpasientar har gode akuttmedisinske rutinar og gode overvakingsmulegheiter i ei slageining. Ikkje alle pasientar med hjerneinfarkt er egna til å få trombolytisk behandling, men dei aller fleste pasientane vil få ”blodfortynnande” medisin for å hindre nye blodproppar i å danne seg.  
Figur 4. Ultralydundersøking av halsen.
Avleiring sperrer for blodstraumen til hjernen gjennom halspulsåra (a. carotis).

Figur 5. Diffusjons-MR. A viser eit stort infarkt hos ein pasient som ikkje blei behandla. B viser eit lite restinfarkt etter vellykka trombolyse.
   

Hjernebløding. Medikament som kan stanse blødinga og redusere hjerneskaden er under utprøving, men per i dag har vi ingen medikament som med sikkerheit kan redusere skaden. Enkelte gonger kan det vere aktuelt med ein nevrokirurgisk operasjon for å fjerne blodsamlinga  eller å suge ut blodet for å avgrense skaden.

Behandling i ei slageining reddar liv
Ei slageining er ein sengepost som spesielt er innretta på behandling og rehabilitering av personar med akutt hjerneslag.

Slageininga gir på den eine sida mulegheit for nøye overvaking, behandling og pleie av den slagramma i den kritiske første tida  etter slaget. På den andre sida sikrar slageininga også at alle slagpasientane kan starte ei tidleg og målretta rehabilitering etter innlegging i sjukehuset.

Målet er at fleire pasientar skal kunne vende tilbake til heimane sine, og at fleire skal kunne meistre utfordringar i kvardagen. Nytta av å behandle slag¬pasientar i e slageining er undersøkt i meir enn 20 internasjonale vitskaplege studium, og resultata er helt eintydige: Behandling i ei slageining fører til at fleire overlever slaget sitt, at dei som overlever får mindre seinskader etter slaget, at fleire kan vende tilbake til heimane sine og at færre har behov for sjukeheimsplass.

Den lange vegen etter slaget
Følgjesymptoma etter hjerneslag er mange. Lammingar er vanlege. Ofte opptrer problem med å utføre vanlege handlingar, noko som kan gjere dei enkle gjeremåla i dagleglivet svært vanskelege (apraksi). Ved skade i venstre hjerne-halvdel opptrer ofte også språkfor-styrringar (afasi).

Synsproblem kan oppstå ved skade fleire stader i hjernen. Mange opplever også endringar i personlegdomen, som sinne, irritabilitet eller depresjon. Erfaringar frå rehabilitering av slagpasientar viser at hjernen har stor reservekapasitet og at tapte ferdigheiter kan trenast opp igjen.

 Dei fleste symptoma blir gradvis betre i løpet av dei første vekene, men det er grunn til å vere optimistisk med tanke på å betre funksjonen i mange månader og kanskje år etter slaget. Sjølv om mange slagpasientar blir tilnærma heilt bra etter sitt hjerneslag, er det framleis mange som må slite med kroppslege, språklege, intellektuelle og personlegdoms- skader. Slaget blir derfor ei belasting, både for pasienten og for dei pårørande.
 
Figur 6. Overvaking. Overvaking av hjernen sin funksjon og blodstraum (A) og hjartefunksjon, blodtrykket, temperatur osb. (B).
   
 
Livsstil og hjerneslag
Hjerneslag er tildels ein livsstilsjukdom. Faktorar som aukar risiko for hjerneslag er framfor alt røyking, høgt blodtrykk, auka feittinnhald i blodet og sukkersykje, i mindre grad også stress, alkohol og inaktivitet. Dersom fleire i familien har hatt slag eller hjerteinfarkt, blir det spesielt viktig å passe på risikofaktorane.

Dei vanlege råda for ein sunn livsstil gjeld også for hjerneslag: Ikkje røyke, vere fysisk aktiv, avgrense salt og feitt i maten, avgrense alkoholinntaket, og forsøke å gå ned i vekt dersom ein er overvektig.

Det viktigaste i framtida vil framleis vere å hindre hjerneslag ved å endre livsstil og behandle risikofaktorar. Men når hjerneslag likevel skjer, vil rask innlegging i sjukehus, god diagnostikk, tidleg medikamentell behandling og målretta rehabilitering bidra til å redusere seinfølgjene til hjerneslaget.


Publisert 02.11.2011 14:00 | Endret 04.11.2011 09:18 

 Hjerneslag ?

Dersom du plutseleg mister:

• krafta i arm / bein
• evna til å snakke
• synet på eit auge

kan det være hjerneslag 

      Ring 113 !

 Fakta om hjerneslag

• Kvar sjette nordmann får eit
hjerneslag i løpet av livet

• 12.000-15.000 menneske i
Noreg får hjerneslag kvart år

• Kvart 40. minutt får eit nytt
menneske slag her i landet

• 75 prosent av slagpasientane
er over 70 år

• 50.000-60.000 menneske
med slag lever i Noreg

• 35 prosent av slagpasientane har
alvorlege restskader etter slaget

• Slag er dødsårsaka i 10-15 prosent av alle dødsfall i Noreg

• Kvart år døyr 5.500 menneske
av slag i Noreg
 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Telefon 05300
Besøksadresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen | Postadresse: Postboks 1400, 5021 Bergen
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga
Facebook  Twitter Flickr  YouTube Instagram