
I Helse Bergen skal vurdering av ernæringsstatus vere ein del av det kliniske undersøkings- og behandlingstilbodet. Det er innført rutinar for oppfølging av ernæringsstatus og utarbeida retningslinjer for ernæringsbehandling som har til mål å førebyggja og behandla sjukdomsrelatert undernæring.
I Helse Bergen skal:
- Alle vaksne pasientar vurderast for ernæringsmessig risiko (ved innlegging og deretter kvar veke eller etter eit anna fagleg grunna opplegg).
- Pasientar som er i ernæringsmessig risiko få ei målretta ernæringsbehandling.
- Vurdering av ernæringsstatus og - behandling dokumenterast i elektronisk journal.
- Vurderingar og behandlingsopplegg inngå i epikrisa når pasienten vert utskriven.