Jobbsøk 

Helse Bergen er ein arbeidsstad der du får gode muligheiter for både fagleg og personleg utvikling. Det er eit stort mangfald av yrker og jobbar som skal til for å oppfylle visjonen vår om å fremme helse og livskvalitet til befolkninga i vest.

Vil du bli ein av oss?

Vi er over 9 000 menneske som arbeidar her! Vi kjem frå alle verdsdelar og over 30 forskjellige nasjonar. Vi er alle ulike med forskjellige roller, men vi har eit felles mål om at vi skal vere best mulig på det vi gjer.

Eit sjukehus drivast ikkje av enkelte yrkesgrupper aleine. For at vi skal vere til det beste for pasienten må over 100 yrkesgrupper jobbe saman i eit finstemt fellesskap.

Her er nokre av dei:

legar, sjukepleiarar, radiografar, bioingeniørar, medisinteknikarar, administrativt personell, statistikarar, kjemikarar, reinhaldarar, portørar, kommunikasjonsmedarbeidare, økonomar, juristar, jordmødre, fysioterapeutar, ergoterapeutar, lærarar, logopedar, sosionomar, psykologar, gartnarar, snekkare, rørleggarar, ingeniørar, heismontørar, konditorar, kokkar, ernæringsfysiologar, sekretærar, prester, laborantar, vektarar, ambulansepersonell og  IKT-folk.

Kvart år rekrutterer vi om lag 1000 nye medarbeidarar.


Vi har alltid behov for dyktige og motiverte fagfolk innan dei fleste helsefaglege område. Behovet vårt for arbeidskraft er ikkje berre innan helsefag, vi har også behov for teknisk-, økonomisk- og administrativ fagkompetanse.

Våre ledige stillingar akkurat no - Brukes for formatert tekst, tabeller og bilder.  Våre ledige stillingar akkurat no

Søk jobb - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Søk jobb

Siste nytt om jobbsøk - Webdel for å liste ut sider i portalen basert på kanal, innholdstype etc  Siste nytt om jobbsøk

Kontakt  Kontakt

Har du generelle spørsmål om jobbsøk, ta kontakt med oss på 55 97 66 00 eller e-post.

Les meir om - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Les meir om

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Tlf 05300
Org. nr: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgiver Geir Andre Bakke | Kommunikasjonsavdelinga