For tilsette 

Helsepersonell tegning
Personalhandbok
Personalhandboka inneheld nyttig informasjon om personalpolitikk og retningsliner i Helse Bergen. Som nytilsett kan du her finne svar på mykje av det du gjerne lurar på i starten.

Lønsslippar, vakter og timelister
I MinGat finn du informasjon om arbeidstid og løn, mellom anna oversikt over vakter og timelister. Det er også her du finn lønsslippar og løns- og trekkoppgåver frå Helse Bergen.

Du har sjølv ansvar for at profilen din er oppdatert og inneheld riktig informasjon om deg.

Passordet til MinGat vert sendt til di e-postadresse i Helse Bergen. Du kan logge deg på MinGat heimefrå: Sjå korleis du loggar deg på.

Logg deg inn her: Min Gat - innlogging

Arbeidsinstruks
Arbeidsinstruksen inneheld dei krav og forventningar Helse Bergen HF har til sine arbeidstakarar. Instruksen set rammer for tilhøvet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar og er meint å bidra til trygge og planlagde arbeidsvilkår for tilsette i føretaket.

Etiske retningslinjer
Etikk er ikkje noko vi berre skal pynte oss med i festtalar. Etisk refleksjon skal ligge til grunn for alt det vi gjer.  Som tilsett i Helse Bergen har du plikt til å setje deg inn i våre etiske retningslinjer.

Hugs at kvar og ein av oss har ansvar for at sjukehuset lever opp til sitt verdigrunnlag.

Kompetanseportalen
I Kompetanseportalen kan du dokumentere kompetansen din slik at du og leiaren din saman kan definere kva du treng av opplæring og vidareutvikling. Dette er også Helse Bergens verktøy for å førebu, gjennomføre og følgje opp medarbeidarsamtalar. Du kan logge deg på Kompetanseportalen heimanfrå.

ID-kort
Alle tilsette i Helse Bergen skal ha ID-kort med bilde. Du skal alltid ha på det kortet slik at det er synleg for andre.

Tilsette ved Haukeland universitetssjukehus får utlevert ID-kort hos Drift/teknisk kundesenter, 1. etasje i Verkstadbygget. Du må ha med deg gyldig legitimasjon og ei stadfesting på tilsetting i form av arbeidsavtale eller tilsettingsbrev.

Garderobar og arbeidstøy på Haukeland universitetssjukehus
På Haukeland universistetssjukehus hentar du sjølv arbeidstøyet i eigne maskinar for tøyutlevering. Sjukehuset har slike maskiner i Sentralblokka, i Gamle Hovudbygning, korridoren mot Barneklinikken, ved Lungebygget og ved Kvinneklinikken. Dei same plassane finn du innkast for skittent arbeidstøy.

Sjukehuset har skåp med lås til oppbevaring av privat tøy og eigendelar og eigne skåp til sko. Jobbar du i meir enn halv stilling på Haukeland universitetssjukehus kan du setje deg på venteliste hos Drift/teknisk kundesenter for å få eige garderobeskåp. 
 
IKT-tryggleik
Helselovgivinga saman med personopplysningslova stiller strenge krav til handsaming av helse- og personopplysningar. I Helse Bergen er vi opptekne av informasjonstryggleik og har ein sikkerheitsinstruks som alle tilsette har eit personleg ansvar for å gjere seg kjend med og leve etter. Instruksen er tilgjengeleg for alle tilsette på intranettet. Helse Bergen har også eit e-læringskurs i informasjonstryggleik som er obligatorisk for alle tilsette. 
 

 Aktuelle lenker

MinGat
Kompetanseportalen

 Parkering

Haukeland universitetssjukehus: Vi oppmodar tilsette om å sykle til jobb eller å nytte buss eller bybane. Sjå Skyss sine internettsider for informasjon om arbeidsbussar. Haukeland universitetssjukehus har parkering både for syklar og bilar. Sykkelparkeringa i Sentralblokka er tilgangskontrollert.

Parkeringsplassane nærast sjukehuset er reservert for pasientar og besøkjande.

Som tilsett må du søkje elektronisk via intranettet om oblat/kort for å nytte parkeringsområda.

Voss sjukehus: Ved Voss sjukehus er det ei parkeringsavgift for tilsette. Servicekontoret ved sjukehuset kan svare på spørsmål om dette.

 Kontakt personalavdelinga

Telefon 55 97 66 00
Personalavdelingen@helse-bergen.no
Postadresse
Personal- og organisasjonsavdelingen
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen

Besøksadresse
Administrasjonsbygget 3. etasje

 Verneombodet

Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som angår arbeidsmiljøet. I samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og leiarar skal vernetenesta i helseføretaket bidra til at helse, miljø og sikkerhet skal vera ein sjølvsagt del av arbeidsdagen.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Telefon 05300
Besøksadresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen | Postadresse: Postboks 1400, 5021 Bergen
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga
Facebook  Twitter Flickr  YouTube Instagram