Jobb og utdanning
Hos oss er det gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Kvart år rekrutterer vi om lag 1000 nye medarbeidarar.

Vi er rundt 11 800 menneske frå alle verdsdelar og over 30 forskjellige nasjonar. Vi er alle ulike med forskjellige roller, men vi har eit felles mål om at vi skal vere best mogleg på det vi gjer.

Vi har alltid behov for dyktige og motiverte fagfolk innan dei fleste helsefaglege område. Behovet vårt for arbeidskraft er ikkje berre innan helsefag, vi treng også teknisk, økonomisk og administrativ kompetanse.
 
Tre sommervikarer i gangen utenfor avdelingen

Sommarjobb på sjukehuset

Vi er i gang med å rekruttere sommarvikarar til sommaren 2015. Er du klar for ein spennande og lærarrik sommarjobb på sjukehuset?

En ansatt på sjukehuset

Utdanning

Utdanning av helsepersonell er ei av våre hovudoppgåver. Vi tilbyr kvart år praksisplassar og undervising til studentar frå høgskular og universitet.

Velferdstilbod

Velferdstilbod

Det blir arrangert eit stort mangfald av aktivitetar i regi av våre tilsette. Å møtast på ein arena utanfor sjukehuskorridorane er av stor verdi for trivsel og arbeidsmiljø.

Tilsett frå barnekirurgien

For tilsette

På denne sida finn du som er tilsett ved Haukeland universitetssjukehus informasjon som kan vere nyttig å ha tilgang til når du er heime.

Bedriftsidrettslaget HSI

1600 tilsette er i dag medlemmar i bedriftsidrettslaget på Haukeland. Bli gjerne medlem du og!