Røntgenbilde av hofte. Foto.
Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd
I 2002 ble Nasjonalt Register for Leddproteser utnemnt til Nasjonalt kompetansesenter av Helse- og Omsorgsdepartementet (HOD). Etter at Nasjonalt Hoftebruddregister vart starta i 2005, endra HOD i 2010 namnet til Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd. 

Denne nasjonale tenesta skal byggje opp og formidle kompetanse på leddprotesar og hoftebrot for å auke kvaliteten og kostnadseffektiviteten av behandlinga.

Kompetansetenesta driv dei nasjonale registra for leddprotesar og hoftebrot.  Målsettinga med registra er å oppdage dårlege protesar, sement og operasjonsteknikkar så tidleg som mogeleg, samt å gje kunnskap om epidemiologi. Fagmiljøet i Kompetansetenesta driv også Nasjonalt Korsbåndregister og Nasjonalt Barnehofteregister.