Helse Bergen-leiarar markerte seg godt

Mona Høgli

(27.01.2010) Dei tre deltakarane frå Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, gjorde ein god innsats i konkurransen "Årets unge leder". Trond Søreide var blant dei ti beste og kom til finalen i Oslo tirsdag ettermiddag.

- Dette er svært gledeleg, seier administrerende direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland.

-God leiing er ein føresetnad for at vi skal lukkast. Vi har eit program for lederutvikling som vi no har ein prosess for å utvikle vidare. Det at vi meldte på tre av leiarane våre i denne konkurransen, er eit ledd i denne satsinga, seier Kvinnsland.

Stor konkurranse
I alt hundre unge leiarar under 40 år frå heile landet var med i konkurransen. Dei var gjennom ein omfattande vurderingsprosess med både testar, tilbakemeldingar frå medarbeidarar og eigen leiar og ei rekke praktiske oppgåver.

Dei tre leiarane som deltok frå Haukeland universitetssjukehus, kjem frå ulike delar av sjukehuset. Brede Aasen er leiar for Psykiatrisk akuttmottak på Sandviken, Trond Wæhle er leiar for Intensivmedisinsk seksjon mens Trond Søreide er personal- og organisasjonsdirektør.

Verdifull erfaring
Seksjonsleiar for organisasjons- og lederutvikling, Gisken Holst, seier erfaringane som desse deltakarane har fått, er verdifulle også for resten av føretaket.

- Vi har følgd med i heile prosessen og har fått nyttig informasjon som vi tar med oss i det vidare arbeidet med lederutviklingsprogrammet, seier Holst. Ho fortel at ho har fått tilbakemelding om at alle dei tre deltakarane frå Haukeland har gjort det svært godt og har vore gode representanter for føretaket.

Satsningsområde
Trond Søreide var den einaste frå offentleg sektor i finalen. I konkurransen var det om lag like mange frå privat og offentleg sektor.

- Leiarar i offentleg sektor har tradisjonelt ikkje hatt like godt "rykte" som leiarar i det private. Det er kjekt å bidra til at offentleg sektor er representert i finalen i ein slik konkurranse. Det har vore svært interessant og lærerikt å delta. Leiarutvikling er eit prioritert område i Helse Bergen i åra framover, seier Søreide.

Vinnaren
Tirsdag var det utdeling av førsteprisen, og den gjekk til Solfrid Flateby, kommunikasjonsdirektør i Reitangruppen.

Bak kåringa av "Årets unge leder" står Assessit, et nordisk konsulentselskap som bl.a. fokuserer på leiar- og medarbeidarutvikling, i samarbeid med Dagens Næringsliv og Handelshøyskolen BI og testleverandøren Cut-e.

Vinnaren og finalistane har vore presenterte i Dagens Næringsliv.


 Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 27.01.2010 av Camilla Crone Leinebø

Helse Bergen logo

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus, Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Tlf 05300
Org. nr: 983 974 724 postmottak@helse-bergen.no

Ansv. redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgiver Geir Andre Bakke
Om nettjenesten