Eitt år med LyttepostenGodt å bli lytta til
Camilla Crone Leinebø
(27.01.2010) Sidan Lytteposten vart oppretta har over 400 personar tatt kontakt for å formidle si oppleving av møtet med Haukeland. – Folk set pris på å bli høyrt, seier ansvarleg for Lytteposten, Atle Halvorsen.

Atle Halvorsen er ansvarleg for Lytteposten
Lytteposten starta som eit prøveprosjekt hausten 2008. No er det bestemt at prosjektet skal være eit fast tilbod til både pasientar og pårørande som har noko dei ønskjar å seie frå om. Anten det er ris eller ros.
Ris og ros
Omtrent ein tredjedel av dei som kontaktar Lytteposten, har utelukkande ros å komme med. Halvorsen fortel om ein mann som var så nøgd med behandlinga han fekk i samband med ein hjartestans.
- Han spøkte om å få eit bitte lite nytt infarkt berre for å få møte personalet igjen, ler ansvarleg for Lytteposten.
Men frå spøk til alvor, seier Halvorsen
- Dei to andre tredjedelane er mindre positive opplevingar, men ikkje så alvorlege at dei ønskjer å opprette ei formell klagesak. I dei aller fleste tilfella handlar det om å bli lytta til og få følelsen av å bli høyrd.
Alle skal bli høyrd
Halvorsen har ansvar for å vidareformidle absolutt alle tilbakemeldingane til leiinga innan kvar enkelt eining det gjeld. I nokre saker har dette ført til eit møte mellom dei to partane der de har rydda opp seg i mellom.
Dei aller fleste einingane er gode på å respondere hurtig og ta tak i eventuelle problemstillingar som kommer frem via Lytteposten.
- Men det er alltid rom for forbetring og eg forventar at dette er eit område som prioriterast blant leiinga på dei enkelte einingane, understrekar han.
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 27.01.2010 av Camilla Crone Leinebø