Pasientrettane ivaretatt

Mona Høgli

(02.02.2010) Det er ikkje funne uregelmessigheiter i innkalling og oppfølging av pasientar i Helse Bergen. Om lag 10 000 tilvisingar er kontrollert.

Fagdirektør i Helse Bergen, Alf Henrik Andreassen, er glad for at føretaket no har hatt ein gjennomgang av korleis pasientrettane knytt til innkalling og oppfølging blir praktisert i Helse Bergen.

– Vi kan aldri gardere oss mot at det skjer enkeltfeil slik at pasientar ikkje får den oppfølginga dei skal ha. Men gjennomgangen viser at så langt vi kan sjå, så er rutinar og praksis i tråd med det regelverket krev, seier Andreassen.

Kartlegginga
På bakgrunn av det som har skjedd ved Asker og Bærum sykehus, har Helse Vest bedt om ei kartlegging av rutinar og praksis knytt til innkalling og oppfølging av pasientar.

I Helse Bergen har kartlegginga skjedd ved at kvar einskild avdeling har rapportert inn sine rutinar pluss at Seksjon for styringsdata har gjennomført kontroll med om lag ti tusen tilvisingar for å sjå om behandlingsfristen er endra.
Dei sjukaste pasientane, dei med såkalla rett til naudsynt helsehjelp, får ein juridisk rett til behandling innan ein gitt dato.

Årsak til endringar
Tilbakemeldingane frå avdelingane viser at det ikkje er noko som tyder på at det har skjedd ulovlege endringar av denne datoen. Dei endringane som har skjedd, er etter ønske frå pasienten eller at det er medisinske grunnar for å gi pasienten ein kortare ventetid.
I Seksjon for styringsdata sin gjennomgang av 10 000 tilvisingar, kom det opp 20 tilfelle der dato var flytta. Ved nærare undersøkingar viste det seg at desse skuldast registreringsfeil.

Informasjon til pasientane
Eit sentralt spørsmål har også vore om pasientane får brev med informasjon om dei rettane dei har. Alle avdelingar rapporterer at dei sender ut slik informasjon saman med svaret på tilvisinga. Ein kortare periode hausten 2009  vart det på grunn av ei misforståing ikkje sendt ut slik informasjon frå ei avdeling, men dette vart endra straks avdelingsleiinga fekk vite om dette.

Ikkje klagesaker
Ein gjennomgang av avvikssystemet der tilsette skal melde inn forhold som ikkje er i tråd med lovar og regler, viser at det dei to siste åra ikkje har vore meldt saker knytt til den aktuelle problemstillinga. Det har heller ikkje vore slike saker i Skade- og klageutvalet i den same perioden.


 Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 02.02.2010 av Øyvind Blom

Helse Bergen logo

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus, Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Tlf 05300
Org. nr: 983 974 724 postmottak@helse-bergen.no

Ansv. redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgiver Geir Andre Bakke
Om nettjenesten