Fysioterapi ved Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) Post 1 og 2 

 
 

Seksjonsleiar: Ingrid Thorsen
(55 91 84 54/ 05300/ ingrid.thorsen@helse-bergen.no)

ReHabiliteringsklinikken består av einingane:
- Habiliteringsklinikken
- Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR)
- Regionalt senter for habilitering og rehabilitering

AFMR er lokalisert på Nordås. Avdelinga har to sengepostar, Post 1 og 2, i tillegg til den spesialiserte hodeskadeeininga (Regional eining for traumatisk hodeskade) og poliklinikkar (Poliklinikk for fysikalsk medisin; herunder nakke og rygg, muskel og skjelett, skulder og hypermobilitet) og Poliklinikk for rehabilitering; herunder ME, hjerneslag og hodeskade). AFMR, Post 1 og 2 består av 22 rehabiliteringsplassar, der 3 er reservert for dagpasientar.

AFMR, Post 1 og 2:
Avdelinga skal ivareta spesialisert rehabilitering. Pasientane kjem frå Haukeland universitetssjukehus, frå lokalsjukehus og kommunehelsetenesta.

Pasientar med nevrologisk sjukdom/skade er største brukergruppa vår.

Dei mest vanlege diagnosane er:
Hjerneslag, traumatisk hodeskade, multippel sklerose, andre nevrologiske tilstandar og multitraume. 6 plassar er reservert for komplekse ortopediske pasientar.

Arbeidsforma er basert på tett tverrfagleg samarbeid, der dei ulike yrkesgruppene medverkar i forhold til pasienten sine individuelle behov. Vi prøver å få til reell brukarmedverknad i rehabiliteringsarbeidet, og samarbeidar med 1. linetenesta gjennom samarbeidsmøte med kvar enkelt pasient, eller ved praktisk overføring. Til hjelp i arbeidet vert individuell behandlingsplan nytta, og det vert utpeika ein koordinator for rehabiliteringsprosessen mellom medlemmene i teamet.

Det er ca. 8 heile stillingar for fysioterapeutar knytta til postane, der den eine er turnuskandidat. I tillegg er det ei stilling for fysioterapiassistent. Det er felles seksjonsleiar fysioterapi for heile AFMR (Post 1, Post 2, poliklinikkar og Regional eining for traumatisk hodeskade).
Fleire av fysioterapeutane ved Post 1 og 2 er kliniske spesialistar i rehabilitering med fordjuping i nevrologi.
Ein fysioterapeut held på med doktorgradsarbeid og ein har byrja mastergradsutdanning.
Anna fagpersonell ved sengepostane er: Legar (avdelinga er utdanningsinstitusjon for spesialiteten fysikalsk medisin og rehabilitering), sjuke- og hjelpepleiarar, kontorpersonale, nevropsykolog, ergoterapeutar, sosionomar og logopedar.

 
Den totale rehabiliteringa går føre seg i heile avdelinga, i stell, under måltid, i treningsgrupper, samtalegrupper og individuelt med den enkelte fagperson. Spesialisert fysioterapi går føre seg i treningssalar, i mindre spesialrom, på sengepostane eller utomdørs.Vi nyttar også terapibassenget.

Innanfor nevrologisk fysioterapi vert i hovudsak Bobathkonseptet nytta. Målsetjinga er at pasienten skal gjenvinne og /eller relære så optimale og normale strategiar for rørsle som mogeleg, basert på optimal balanse. Gjenvinning av dynamisk balanse vert ansett som eit grunnleggjande mål for utviklinga av rørslekontroll i armar/bein og i hode/nakke, og for orientering til omgjevnadene og dermed for betra funksjon.

Aktuelle informasjonsbrosjyrer:

  • Informasjonsbrosjyre om Avd.fys.med og rehab.

HUS August 2012
Seksjonsleiar fysioterapi AFMR
Ingrid Thorsen

 


Publisert 15.06.2010 12:31 | Endret 28.05.2013 13:51