Lytteposten 

 
Har du noko du har lyst til å fortelle oss? Noko du er fornøgd med eller misfornøgd med? Da kan du kontakte Lytteposten.
 

Dette er eit tilbod til pasientar og pårørande som ønskjer å gi ei tilbakemelding om korleis dei har opplevd møtet med sjukehuset. På den måten kan vi få viktig informasjon som vi kan lære av og bruke i vidareutviklinga av tilbodet til pasientar og pårørande.

Kva for saker kan du melde til Lytteposten?
Det kan vere alle typer saker, både saker som gjeld sjukehuset sitt servicetilbod og korleis pasientane og dei pårørande blir møtt som medmenneske.
Lytteposten skal vere eit supplement til dei eksisterande tilbakemeldingskanalane for alvorlege klagesaker.

Skade- og klageutvalget, Senter for pasientsikkerhet og Pasientombudet er framleis rett adressat for dei alvorlege sakene.

Men vi veit av erfaring at mange pasientar og pårørande opplever ting dei ønskjer å fortelle om sjølv om det ikkje er av ein karakter som gjer at det må skrivast ei formell klage til sjukehuset. Alle tilbakemeldingar blir registrerte, og avdelingane på sykehuset får tilbakemelding om saker som gjeld dei ulike avdelingane.

Vi håper at alle som tar kontakt vil stå fram med navn, men det er mogleg å vere anonym dersom ein ønskjer det.

Korleis ta kontakt?
Lytteposten har telefonnummer 95 89 05 55, og telefonen er betjent tirsdag og torsdag kl. 11.00-15.00.
Men det er sjølsagt mogleg å ringe til andre tider og legge igjen beskjed på telefonsvararen. Då vil vi forsøke å ringe tilbake så raskt som mogleg.

Kontakt oss gjerne også per post, enten e-post eller vanlig brev. Dersom nokon ønskjer å møte opp personleg for å fortelle om sine erfaringar, så let det seg sjølvsagt gjere. Ring oss, så skal vi ordne det.


Publisert 16.03.2010 13:46 | Endret 03.08.2010 13:32 

 ‭(Skjult)‬ Handlar om

Kontakt oss
Telefon: 95 89 05 55

Telefontid
Tirsdag og torsdag kl. 11-15

Besøksadresse
Administrasjonsbygget,
2. etasje,
Haukelands universitetssjukehus

Postadresse
Lytteposten
v/Kommunikasjonsavdelingen
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen

Epost
lytteposten@helse-bergen.no

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Tlf 05300
Org. nr: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgiver Geir Andre Bakke | Kommunikasjonsavdelinga