Sjekkliste for Trygg kirurgi
Verdas helseorganisasjon (WHO) har utvikla Safe Surgery Saves Lives. Det er ei sjekkliste personalet går gjennom før kirurgiske inngrep. Lista blir no tilpassa og innført i Helse Vest.
Målet er å bedre pasientsikkerheiten på ein standardisert måte som er enkel å gjennomføre i praksis.
Personalet går gjennom sjekklista i tre delar:
- Før pasienten får bedøving
- Like før inngrepet startar
- Før operasjonsteamet går ut av operasjonsstova.
Forskingsprosjekt
Arbeidet med trygg kirurgi er organisert som eit forskingsprosjekt ved Haukeland og er samtidig ein del av det regionale prosjektet i Helse Vest.
Medlemmene i forskingsgruppa
Foto: Frode Kristensen. Trygg Kirurgi-sjekklista fokuserer på sikkerheit, kommunikasjon og teambygging for heile operasjonsteamet rundt kvar enkelt pasient.
Kvifor treng vi sjekkliste?
Årleg blir det utført rundt 230 millionar kirurgiske inngrep i verda. Kirurgi kan bidra til å redde liv, men det er alltid ein viss risiko for at pasientar kan få komplikasjonar. Denne er i forskjellige studiar beregna til å være mellom 3 og 16 prosent.
Sjekklister er i vanlig bruk både i olje- og flyindustrien. Det er på tide å stille spørsmål om helsevesenet også har noko å tene på å ta bruke slike virkemiddel for å bedre kvaliteten på tenestene og pasientsikkerheiten.
Foto: Frode Kristensen. Forsking viser nedgang i både alvorlege komplikasjonar og dødelegheit i kirurgi ved bruk av sjekklista.
Publisert
10.05.2010 11:59 |
Endret
18.01.2011 15:36