Bekhterevs sjukdom og andre spondyloartrittar 

 
Spondyloartrittar (SpA) er ei gruppe revmatiske sjukdomar som er kjenneteikna av betennelse i rygg- og bekkenledd (aksial SpA) eller i nokre høve betennelse i ledd/sener i armar og bein (perifer SpA).
 

Bekhterevs sjukdom er den vanlegaste forma for spondyloartritt.
Andre sjukdomar som kan følgje SpA er psoriasisartritt (lag lenke), reaktiv artritt og tarmsjukdomane ulcerøs kolitt og Crohn.
Nemninga udifferensiert SpA blir nytta om SpA der ein enno ikkje kan stadfeste kva for type det er. Behandlingsprinsippa for dei ulike SpA er i stor grad like.

Bekhterevs sjukdom, omgrep og sjukdomsforløp
Diagnosenamnet Bekhterevs sjukdom vil etterkvart bli erstatta av ”Ankyloserande spondylitt” også på norsk, mellom anna fordi ein vil bort frå diagnosar oppkalla etter personar. I tillegg beskriv «ankyloserande spondylitt» det særmerkte ved sjukdomen, nemleg at betennelsen i rygg og bekken (spondylitt) over lang tid kan føre til tilstivning (ankylose). Det er først når det er danna forandringar i bekkenledd synleg på røntgenbilete at ein kan stille ein sikker Bekhterev-diagnose, men dette kan ta fleire år. I mellomtida kan tidleg betennelse sjåast ved MR-undersøking. Ved typiske symptom, funn ved undersøking og blodprøver samt MR-forandringar, men utan forandringar på vanleg røntgen blir tilstanden kalla nonradiografisk aksial spondyloartritt. Dei fleste av desse pasientar vil i løpet av nokre år utvikle typisk Bekhterev med røntgenforandringar. Det ser ikkje ut til at noko medikamentell behandling kan hindre ei slik utvikling.

Spondyloartrittar (SpA) er ei gruppe revmatiske sjukdomar som er kjenneteikna av betennelse i rygg- og bekkenledd (aksial SpA) eller i nokre høve betennelse i ledd/sener i armar og bein (perifer SpA).

Utbreiing og årsakar
Sjukdomen byrjar oftast i ung vaksen alder, nesten alltid før 40 år. Den er vanlegare hos menn enn kvinner. Årsaker til Bekhterev er lite kjende, men genet HLA-B27 utgjer ein arveleg disposisjon.

Symptom og sjukdomsteikn
Ved Bekhterevs sjukdom kjennes smerter og stivheit i korsrygg og kanskje høgare opp i ryggen og rundt brystbeinet.  Ofte merkast dette om natta slik at søvnen blir forstyrra. Bevegelse gir lindring medan kvile ikkje gjer det. Langvarig sjukdom kan gi nedsett rørsleutslag i ryggen. Om ein får leddbetennelse i armar eller bein hovnar desse ledda opp og bli vonde. Dette gjeld helst hofte, kne eller ankel. Bekhterevs sjukdom inneber òg auka risiko for å få akutt augebetennelse (uveitt). Auget blir vondt og raudt, og ein bør snarast bli undersøkt av augelege.

Behandling

  • Trening og øvingar blir tilrådd for alle med Bekhterev for å bli mindre stiv, få betre funksjon og halde ved like rørsleutslag. Trening gir òg andre viktige og almene helseeffektar. Du bør i starten få rettleiing frå fysioterapeut om dette, i periodar kan det også vere nyttig med behandling hos fysioterapeut.
     
  • Symptomlindrande medikament av typen antiflogistika har rask effekt og kan nyttast dagleg eller etter behov. Døme på slike er ibuprofen, naproxen og diklofenak. Dersom du ikkje toler antiflogistika kan du bruke paracetamol.
     
  • Kortisoninnsprøyting kan settast i ledd som er hovne og treng rask effekt.
     
  • Verknad av sjukdomsmodifiserande medikament som Salazopyrin og Metotrexat kjem langsamt. Medisinane kan redusere betennelse og tendens til skade i perifere ledd, men har lite effekt på betennelse i bekken og rygg.
     
  • Biologiske (TNF-hemmande) legemiddel blir gitt intravenøst eller som subkutan sprøyte. Gir ofte ei rask og god symptomlindring og kan dempe eller stoppe den revmatiske betennelsen, men har ikkje synt å kunne hindre tilstivning av ryggen på lang sikt. Dette er kostbare medikament som gir ein liten auke i risiko for alvorlege infeksjonar. Tilgjengelege preparat er Enbrel, Humira, Remicade og Simponi.

Revmatolog vil starte behandling tilpassa din sjukdom. Sjukdomsforløpet varierer over tid og mellom ulike pasientar. Det er naturleg at du blir tatt med på råd om kva behandling som er best for deg.

Kosthald
Du bør følgje generelle råd for riktig mengde og samansetting av kosthald. Særleg kan det vere viktig å ha tilstrekkeleg inntak av antioksidantar, omega-3 fettsyrar og kalsium.

Oppfølging
Diagnose og behandlingsoppstart vert fastsett av revmatolog, og det er vanleg med kontrollar hos revmatolog, etterkvart årleg dei første åra. I fredelege faser av sjukdomen kan fastlege overta oppfølginga. Det er viktig med oppfølging hos fastlege for andre helseproblem, særleg for kartlegging av hjarte- karsjukdom som det er litt auka risiko for ved Bekhterevs sjukdom. Fastlegen kan skrive resept på antiflogistika, fornye resept på sjukdomsmodifiserande medikament og skrive tilvising til fysioterapeut.

Vil du vite meir?


Publisert 02.12.2013 21:12 | Endret 02.12.2013 21:22 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Telefon 05300
Besøksadresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen | Postadresse: Postboks 1400, 5021 Bergen
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga
Facebook  Twitter Flickr  YouTube Instagram