Senter for Søvnmedisin 


 

Senter for Søvnmedisin ved Haukeland universitetssjukehus opna i mars 2011. Senteret ligg administrativt under Lungeavdelinga, men alle dei tre fagavdelingane som i dag driv utgreiing og behandling av søvnsjukdommar; lunge- øyre-nase-hals- og nevrologi/nevrofysiologi, samarbeider om senteret. I tillegg er det knytt ein psykiater til senteret.

Senter for Søvnmedisin utgreier og behandlar i hovudsak pasientar med respirasjonsrelaterte søvnsjukdommar og alvorlege hypersomniar og gjev desse ei overordna einsretta utgreiing og behandling. Alvorlege insomniar og døgnrytmeforstyrringar kan dersom det er kapasitet vurderast utgreidd med polysomnografi dersom tidlegare utgreiing og behandling ikkje har lukkast. Målet for avdelinga er å tilby pasientane ei best mogleg utgreiing og behandling. Ei unik samlokalisering av dei ulike fagavdelingane styrkjer  kompetansen innan klinisk søvnmedisin til beste for pasientgruppa.



Kontakt oss
Telefon 55 97 40 70
senterforsovnmedisin@helse-bergen.no
Åpningstider 
mandag - fredag 08.00-15.30

Telefontid 
mandag-fredag
09.00 - 11.00 og 13.00 - 14.00




Publisert 12.01.2011 13:53 | Endret 30.10.2012 10:17 

 Søvn og søvnsjukdommar

 Søvnproblem?

Test deg sjølv her!

SOVno har utvikla ein test som kan gje svar på om du lir av søvnproblem.
Du får ein god peikepinn på om du er ramma av ei søvnliding, og kva type liding du i tilfelle er ramma av.
Testen dekkjer dei seks ulike diagnosegruppene; insomni, søvnapne, restless legs, hypersomni, døgnrytmeforstyrring og parasomni.
Testen er nettbasert og tek omtrent ti minutt. Les meir om dei ulike diagnosane
i menyen over.

 Aktuelle aktivitetar

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo