Handskade - ergoterapi 

Dei fleste pasientar som har skada seg i handa og er operert for dette, har behov for kontakt med ergoterapeut. Dette for å få hjelp til å kome i gong med opptrening til å betre meistre daglege aktivitetar.
Av Ergoterapiavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
 

 Kategoriar

Ergoterapeuten møtar deg ved sengeposten og gir informasjon om generell øving etter handoperasjon. Behandling og oppfølging skjer hovedsaklig poliklinisk. Kor mange konsultasjoner ein treng, varierer etter behov. Poliklinikken ligg i 2. etasje i Sentralblokka.

Generell informasjon etter operasjon av hand
Ødem
Dersom du er hoven i handa vil du få instruksjon om korleis du kan redusera ødemet ved hjelp av kompresjonshanske eller kompresjonsband og aktiv øving. Høgt leie av handa hjelp også til at den vert mindre hoven.

Arrbehandling
Ergoterapeuten informerer om korleis arr utviklar seg etter ein operasjon, og kva du sjølv kan gjera for å behandle arret. Døme på dette er silikonplaster eller tape som gjev lett trykk på arret, massera lett med krem og unngå sterk sol direkte på arr dei fyrste 12 mnd.

Rettleiing
Mange har spørsmål om kva som skjer etter operasjon, til dømes når du kan belasta handa eller byrje i arbeid. Ergoterapeuten kan gje deg rettleiing om restriksjonar knytta til aktivitetar i dagleglivet.


Aktuelle ergoterapitiltak ved handskade
Artrose i tommel og handledd
Artrose i fingerledd og handledd er vanleg, og fører ofte til smerte og redusert rørsle. Ergoterapeuten kan tilpassa tommelstøtte og handleddstøtte for å lindra smerte og bidra til at du kan fungere betre i dine daglege aktivitetar. Dersom du blir operert, følgjer ergoterapeuten deg opp etter operasjonen med trening og rettleiing for at funksjonen i handa skal bli best mogleg.

Brannskade i hand
Ved brannskade i handa blir det ofte arr og stramme områder i handflata og i fingrar. Dette kan føra til vanskar med å strekke fingrane og oppnå full handfunksjon. Ergoterapeuten kan hjelpe med tilpassing av skinne og arrbehandling. Det er særskild små born som er utsett for å brenne seg i handa.

Brot
Det er vanleg å ha gips i 3-4 veker etter operasjon for brot, men dette varierer etter kor skaden er, og kva operasjon som er utført. Pasienten kjem til ergoterapeut når gipsen skal fjernast. Då startar trening av dei ledd som har vore gipsa. Det er vanlge å starta med belastning 4-6 veker etter operasjon, men dette kan variera ut frå skadeomfang. Ein byrjar med å kunne bruka handa i lette daglege aktivitetar. Ein kan ofte belasta fullt etter 10-12 veker i samråd med ergoterapeut og kirurg.

Bøyeseneskade
Ergoterapeut tilpassar ei dynamisk skinne med strikkdrag 2.-5. postoperative dag. Denne skal pasienten ha på i 6 veker. Det er kontrollar ved poliklinikken kvar 14. dag for trening og kontroll av funksjon. Ved fyrste kontroll får pasienten fjerna sting hos sjukepleier, funksjonen kontrollerast og ergoterapeuten gjev instruksjonar for egentrening. Strikkdraget fjernast etter 4 veker og øvingar for handledd gjerast 2-3 gonger dagleg. 6 veker etter operasjon tek ein skinnen av og lett trening startar. Vidare kontroller for trening og kontroll av funksjon etter behov. Lett belastning av handa i starten, full belastning er først lov 10-12 veker etter operasjon.

Dekompresjon av nerve ved carpaltunnelsyndrom
Etter operasjon for carpaltunnelsyndrom har mange behov for informasjon om trening og arrbehandling. Det er ikkje behov for gips etter ein slik operasjon, men bandasje dei fyrste to vekene før stinga blir fjerna. Ikkje alle får tilbod om opptrening hos ergoterapeut etter ein slik operasjon, men dersom du har vanskar og problem med handa di meir enn 2-3 veker etter operasjonen kan du ta kontakt for ein poliklinisk time hos ein av handterapeutane.

Dekompresjon av nerve ved Epicondylitt
Ved operasjon for epicondylitt må pasienten ha gips frå handledd til overarm i 4 veker totalt. Etter ei veke kjem du til ergoterapeut og får bytta frå gipslaske til ein sirkulær gips. Denne skal du kunne ta av og på sjølv tre gonger kvar dag for å trene albue og handledd. Ergoterapeuten gjev deg instruksjon i trening og fortel deg kor mykje du kan belasta armen undervegs i behandlinga.

Dupuytrenskontraktur
Er du operert for dupuytrens kontraktur får du ofte tilpassa ei nattskinne som held fingeren strak om natta. Dette er for å unngå at fingeren bøyer seg igjen. I nokre tilfelle er det og naudsamt med ei strekkeskinne om dagen for å oppnå full strekk på midtleddet i fingeren. Du vil få instruksjon i øvingar som du skal gjere på eiga hand for å oppnå full evne til å bøya og strekka fingrane.

Infeksjon
Etter ein infeksjon i handa kan ein i lang tid bli plaga med ødem og stive ledd. Ergoterapeuten kan hjelpe med instruksjon i trening for å oppnå full funksjon i handa. I nokre tilfeller er det og behov for ei skinne som tøyer fingrane for å gje full strekke- og bøyefunksjon.

Nerveskade
Ved nerveskade er det vanleg å ha gips i 3-4 veker, dette for å hindre at nerven som er sydd skal ryke. Dagen etter operasjon er det viktig å starta sensibilitetsøvingar ved å stimulere huda der kjensla er redusert. Ein nyttar materiale med ulik overflate: ru, glatt, hard, mjuk, kald og (ikkje for) varm. Ergoterapeuten vil instruere deg i øvingsprinsipp, og gje deg eit informasjonshefte. Trening varierar ut frå kva fase ein er i etter nerveskaden. "Sensory re-education" er ein systematisk metode/kombinasjon av teknikkar som nyttast for å hjelpe pasientar med nedsett kjensle etter nerveskade og nervereparasjon. Ein lærar seg å tolke signala som vert sendt til hjernen etter berøring av handa. I tillegg til sensibiltet er det viktig å trene rørsle, dette startar etter at gipsen er fjerna. I nokre høve er det naudsynt med ei skinne for å hindre feilstillingar og fremme funksjon. Ergoterapeut vil følgje deg i rehabiliteringsfasen med tette kontrollar i starten og seinare sjeldnare kontrollar, men gjerne med oppfølging i eit eller fleire år etter skaden.

 

Strekkeseneskade
Pasienten får gips av lege som fjernast 3-4 veker etter operasjon. Det er kontroll hos ergoterapeut for fjerning av gips og start av trening. Pasienten kjem til kontroller inntil akseptert funksjon er oppnådd. Om det er fleire enn 2 sener som er skada, kan ergoterapeut tilpassa ei dynamisk skinne som skal vere på i 5-6 veker. Då får pasienten røre fingrane allereie frå han/ho får skinna. Lett belastning av handa ved start, unngå tunge lyft og unngå strekk med belastning som f.eks tronge lommer. Full belastning er fyrst tillate 10-12 veker etter operasjon.


 

 


Publisert 03.06.2010 11:06 | Endret 27.12.2011 12:58 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Telefon 05300
Besøksadresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen | Postadresse: Postboks 1400, 5021 Bergen
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga
Facebook  Twitter Flickr  YouTube Instagram