Mattilbod 

 
 

 
Foto: Colourbox 

Kafeteriaen

I 3. etasje i Sentralblokken ligg det ein stor kafeteria som er open for alle. Her finn du eit breitt tilbod av produkt, blant anna ferdig påsmurt, bakverk, kaker, kuvertpålegg, frukt, salatbar, eigen varmdisk og dagens middag. Du kan kjøpe middag kvar dag frå kl. 12.00. Kvar torsdag serverer vi til dømes raspeballar, eit populært tilbod både blant tilsette og andre besøkande.

Opningstider
Måndag til fredag: 07.30 - 18.00
Laurdag og søndag: 11.00 - 18.00


Konditoriet

Vi har eit eige konditori på sjukehuset. Dette ligg i 3. etasje på same stad som kafeteriaen. Her finst alt av bakeri- og konditorvarer, varene er eigenproduserte og av høg kvalitet.

Vi leverer også varer på bestilling til alle typar selskap og andre anledningar.
Kontakt Drift/ teknisk kundesenter tlf. 55 97 71 00 for pris og sortiment.

Opningstider
Måndag til fredag: 10.00 – 14.00
Laurdag og søndag: stengt


Café Foajé
Cafe Foajé ligg i 0. etasje i Sentralblokken, på same plan som hovudinngangane. Her finst eit stort utval i påsmurte produkt, bakerivarer og kaffimat, og dagleg har vi ein enkel varmrett.

Opningstider
Måndag til fredag: 08.30 - 15.30
Laurdag og søndag: stengt


Buffét-servering på avdelingane
Sentralkjøkkenet på Haukeland produserer dagleg om lag 3000 måltid med varm mat. Det gjer oss til eit av dei største produksjonskjøkkena i landet.  Forutan levering av mat til Haukeland universitetssjukehus leverer vi også til Sandviken Sjukehus, Knappentunet, Nordåstunet, Stord kommune, Bergensklinikkane, Voss kommune og Kvam kommune.

Kjøkkenet tilbyr til dagleg to menyval.  I tillegg finst det eigen ønskjekostmeny for pasientar som ønskjer annan mat. Diettkjøkkenet vårt tilbyr alle typar diettar og spesialkost. Menyane våre blir utarbeidd i samarbeid med eit eige brukarutval.

Matservering for pasientar på avdelingane har følgjande tidspunkt:

Frukost: 08.00 - 09.00
Lunsj: 12.00 - 13.00
Middag: 16.00 - 17.00
Kveldsmat: 20.00 - 21.00


Publisert 02.06.2010 15:42 | Endret 27.08.2010 12:37 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Tlf 05300
Org. nr: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgiver Geir Andre Bakke | Kommunikasjonsavdelinga