Pasienter og pårørende

Kven skal varslast når pasientar dør?

I gjennomsnitt dør tre pasientar kvar dag på Haukeland Universitetssjukehus. Nokon gonger er pårørande til stades, andre gonger må sjukehuset kontakte pårørande for å gje beskjed om at deira kjære er død.

Lov om pasientrettar slår fast at det er pasienten sjølv som definerer kven som er nærmaste pårørande. Når ein pasient blir lagt inn på sjukehus, blir det registrert i pasienten sin journal kven pasienten sjølv oppgjev som sin nærmaste pårørande og korleis vedkomande kan kontaktast dersom noko skjer. Dette må sjukehuset  forhalde seg til, uavhengig av om dette er ein nær slektning, ven eller kjæraste.

Unntaket er brå død ved ulykker o.a. der pasienten sjølv ikkje har hatt anledning til sjølv å seie frå kven han eller ho ser som nærmaste pårørande. Då finst det klare prosedyrar for å spore opp nærmaste familie.
Under sjukehusopphaldet er det som regel slik at den som er oppført som nærmaste pårørande held dei andre pårørande informert.

Vanlegvis går det maksimalt 1-2 veker før gravferdsbyråa hentar døde pasientar. Men nokon gonger kan dei bli liggande lenger enn vanleg før gravferd finn stad. Det kan skuldast at det er vanskeleg å få kontakt med pårørande. Det kan også skuldast nærmaste pårørande sin livssituasjon eller det kan ha si årsak i ulike forhold mellom den avdøde sine pårørande. Dei to siste punkta har sjukehuset vanlegvis ikkje informasjon om.

På Haukeland Universitetssjukehus har vi sett fire veker som omtrentlig grense for kor lang tid som kan gå før sjukehuset ikkje lenger kan vente på at pårørande skal sørgje for å gravleggje den døde. I dei tilfella der pasienten har oppgitt nærmaste pårørande og denne er blitt kontakta, vil det vere naturleg å ta ny kontakt med vedkomande. Dersom det ikkje fører fram, er det naturleg å forsøke å finne andre pårørande som kan ta seg av den døde. Dersom det ikkje er muleg å oppspore nokon pårørande, sørgjer sjukehuset for å kontakte gravferdsbyrå slik at pasienten kan bli gravlagt.

Vi har forståing for at det blir opplevd som vanskeleg å få vite om ein slektning sitt dødsfall gjennom dødsannonse i avisa eller frå andre personar og ikkje direkte frå sjukehuset. Vi forsøker så godt vi kan å ivareta dei pårørande når pasientar dør. Nokon gonger kan det vere vanskeleg å ivareta alle i pårørandegruppa dersom nødvendig informasjon ikkje blir formidla vidare blant dei pårørande. Det er beklageleg når det oppstår situasjonar der nokon av dei pårørande ikkje har fått den informasjonen dei gjerne ville hatt, men sjukehuset må i utgangspunktet forhalde seg til den personen pasienten sjølv har oppgitt som sin nærmaste pårørande.

Helse Bergen logo

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus, Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Tlf 05300
Org. nr: 983 974 724 postmottak@helse-bergen.no

Ansv. redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgiver Geir Andre Bakke
Om nettjenesten