Pasientkurs

Cøliaki-kurs for vaksne

Målsetjing for kurset er å gi informasjon om sjukdommen slik at du kan meistre livet med diagnosen betre. Du vil og få kunnskap om glutenfrie produkt og moglegheit til å møte og utveksle erfaringar med andre i same situasjon.

19.
oktober
2023
  1. 19. okt. 2023, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 19. okt. 2023, 09:00 - 15:00

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Kurset er arrangert av Medisinsk klinikk og Norsk Cøliakiforening, Hordaland i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret i Bergen.

Påmelding

tilvisning frå eigen legeVennligst meld frå om pårørande også deltar og om spesielle behov. 
Meld frå til fastlegen ved behov for sjukemelding. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.

Tilvisning sendast til;
Helse Bergen HF
v/Dokumentasjonsavdelinga v/skanning
5021 Bergen



 

Målgruppe

Kurset er for deg som nyleg har fått diagnosen cøliaki i tillegg til deg som har levd med diagnosen ein stund og treng oppdatering. Pårørande er velkommen til å delta. 

Kostnader

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. 

Servering 

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding

Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Pårørande blir oppfordra til å delta.  Du vil motta skriftleg bekrefting om plass. 

Innlegg ved 

Lege, ernæringsfysiolog, brukarmedverkar og psykiatar.

Parkering

Det er mogleg å parkere mot betaling i Ulriksdal Helsepark og i parkeringsanlegget ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus


Kontakt

Andre datoar

  1. 16.
    mars
    2023
  2. 8.
    juni
    2023