Pasientinformasjon - MIO

Her finn ut informasjon om behandling, utgreiing og vanleg behandlingsutstyr ved MIO. I tillegg finn du informasjon om rutiner ved utskriving.

​Behandling

Behandling av ein intensiv- eller overvakingspasient varierer naturlegvis etter kva for eit organ som svikter, og kor alvorleg tilstanden er.

Pasientar som blir innlagd med akutt hjarteinfarkt går som regel rett til undersøking og eventuelt utblokking av kransårar (PCI), og deretter til MIO for overvaking. Dersom det første døgnet etter PCI har vore fritt for komplikasjonar, blir pasienten flytta over til hjartemedisinsk sengepost.

Respirasjonssvikt kan oppstå av ulike årsakar, og det kan vera naudsynt med pustestøtte med maske (NIV) på ein pustemaskin (respirator). Pasientane har behov for pustestøtte for å hjelpe ventilasjonen og betre oksygenering (tilførsel av oksygen til organ, vev, blod etc).

Dersom pasienten ikkje klarar å puste sjølv på maske, kan han få hjelp av eit plastrøyr (tube) og ein respirator. Tuben er plassert via munnen og ned i luftrøyret. Tuben gjer at det ikkje kjem luft gjennom stemmebanda, derfor vil pasienten sin stemmen vere borte i denne perioden. Når tuben vert fjerna kjem stemmen tilbake. Ved langvarig respiratorbehandling vert tuben ofte lagt til eit lite hol på halsen, ein såkalla trakeostomi. Då kan man i avvenningsperioden sette ein liten propp på opninga av trakeostomi- kanylen, ein talekanyle. Då har pasienten moglegheit til å snakke.

Intensiv medisinsk behandling er krevjande for pasienten, og inneheld mange smertefulle prosedyrar. Det er derfor svært viktig å gje ein god smertebehandling i kombinasjon med roande medikament.

Kor lenge respiratorbehandlinga vil vare er avhengig av kor alvorleg sjukdommen er, og korleis pasienten responderer på behandlinga. Behov for intensivbehandling kan difor variere frå dagar til fleire veker.
Når pasienten etter kvart er klar for å kunne overta pustearbeidet sjølv, reduserer eller stopper vi tilførselen av sovemedisin. Støtta frå respiratoren vert reduserert gradvis når pasienten sin pusteevne aukar, og til slutt blir uavhengig av respiratoren. Det er ikkje uvanleg at pasienten føler seg forvirra og uroleg i oppvakningsfasen, såkalla delirisk tilstand, der årsak ofte er akutt sjukdom og legemidlar. Delir går heilt tilbake, men det kan ta tid.

Ein kritisk sjuk pasient har eit auka behov for ernæring, og evnar ikkje å dekke sitt ernæringsbehov på eigenhand. Pasienten sitt ernæringsbehov vert dekka med flytande ernæringsløysningar, enten som intravenøst i blodbanen, eller gjennom eit tynt plastrøyr (sonde) som vert ført inn i magesekken via nasen.

Pasientar med nedsett moglegheit til å bevega seg treng leieendring for å unngå trykksår, unngå feilstillingar og kontrakturar i ledd.
Vi starter fysioterapi og mobilisering ut av seng så tidleg som mogeleg, vurdert ut frå funksjonsnivået til pasienten. Då ynskjer vi gjerne at pasienten sit på sengekant, står ved senga, sit oppe i stol, og etter kvart går i korridoren om mogeleg.

Behandlingsutstyr

Her er ein kort forklaring på det mest vanlege utstyret som kan omgje pasienten, i tillegg til respiratoren.

Pumper som vert brukt for å gi kontinuerlig medisinar og væske inn i blodbanen.

Ein plastslange som leggjast inn i ein blodåre (vene) via halsen, brystet, lysken, eller på handa. Gjennom desse røyra får pasienten væske og medisiner direkte i blodbanen (intravenøst).

Tallene og kurvene som sjåast på skjermen viser blant anna hjarterytmen, blodtrykket og kor mykje oksygen som er i pasienten sitt blod.

Eit tynt plastrør som er lagt inn i ein pulsåre (arterie). Dette vert benytta til kontinuerleg blodtrykksmåling og blodprøvetaking.

Kateter lagt inn i urinblæra via urinrøret. Urinen renn ut i ein pose.

Tynn plastikkslange som er lagt gjennom nesa og ned i magesekken for ernæring.

Ved alvorleg nyresvikt kan det vere behov for nyre-erstattande behandling (dialyse). Dialyse hjelper kroppen med å fjerne avfallsstoffa som kroppen produserer, samt å regulere kroppens væskemengde.

PICCO-kateter vert lagt inn i ein pulsåre (arterie) i lysken. Dette kan gje oss utvida målingar av hjartefunksjon og karsystem.

Mange pasientar blir transportert til Radiologisk avdeling for CT (Computer Tomografi), MR (Magnet Resonans Tomografi), og andre røntgenundersøkingar.

Utskriving frå MIO

Når pasienten vert vurdert som ferdigbehandla ved MIO, vert pasienten flytta til ei anna sengepost ved sjukehuset, eller anna sjukehus.

Ein pasient som har vært igjennom eit langt intensivopphald er vant med å ha en sjukepleier tilgjengeleg døgnet rundt, og overgangen til sengepost kan difor opplevast som vanskeleg. Dei siste døgn i intensivavdelinga ynskjer vi difor å oppnå sjølvstendighet i form av aleinetid og bruk av ringesnor.

Dagbok er eit godt verktøy til å kunne bearbeide tankar og følelsar etter eit intensivopphald. Mange vil i etterkant ha eit behov for å kunne sjå ein samanheng, og ein dagbok kan derfor vere nyttig. I vår eining skriver vi dagbok til alle pasientar som har hatt eit lengre intensivopphald. Dagboka inneheld  notat om korleis pasienten og den næraste familie opplever behandlinga og situasjonen.  Dagboka inneheld også bildar som kan gje eit inntrykk av maskiner, utsty, og miljøet omkring intensivsenga.

Fire veker etter utskriving sender vi ut eit brev med tilbod om oppfølgingssamtale på sjukehuset. Dagboka vil bli utlevert under denne samtalen. Dersom det ikkje skulle passe med denne samtalen, kan dagboka sendast i posten.


 

Sist oppdatert 14.04.2023