Feiring høgt og lågt

Aktiv mot kreft feira sin 10-årsdag i ti ulike Høyt & lavt-klatreparkar rundt om i landet. Pusterommet på Haukeland var det første Pusterommet som blei starta av Aktiv mot kreft, og dei deltok sjølvsagt i feiringa i Bergen lørdag 23. september.

i:0e.t|nhn prod adfs|hbe%7clena.kleveland.dahl@helse-bergen.no
Publisert 09.10.2017

Gruppebilde med statsminister Erna Solberg. Foto
F.v.: Tidlegare landslagstrenar Marit Breivik, Salg- og administrasjonsansvarleg ved Høyt & lavt Hilde Jacobsen Lund, styreleiar i Aktiv mot kreft Birger Magnus, statsminister Erna Solberg, tidlegare brukar av Pusterommet treningssenter Hildegunn Engelsen - og helse- og treningsrådgivar ved Pusterommet treningssenter Maria Ranes.

 

Pusterommet på Haukeland blei etablert i 2008, med gåver frå Grieg Foundation og Aktiv mot kreft. Treningssenteret er no ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Haukeland universitetssjukehus.

Til no har Aktiv mot kreft etablert 16 treningssenter for kreftpasientar på norske sjukehus, og fleire nye Pusterom er under planlegging. På sentra kan brukarar både auke pulsen og få eit pusterom frå kvardagen. Dette tilbodet om tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar kan nyttast under og etter behandling.