Kondisjonstrening sykkel

Treningsøkta varer 45 minuttar og består av intervallar der vi varierer mellom høg og låg intensitet. Du treng ikkje noko treningserfaring for denne økta. Den er berekna for å gjennomførast på sykkel, men tredemølle, romaskin, stakemaskin eller stepkasse kan også nyttast.

Video som viser treningsprogram

Utstyr:

  • Sykkel, for eksempel spinningsykkel. Tredemølle, romaskin, stakemaskin eller stepkasse kan også nyttast
  • Vatn til å drikke under treningsøkta
  • Handklede
  • Joggesko eller sykkelsko

Treningsøkta har høg intensitet med fokus på å betre kondisjonen. Økta består av ein oppvarmingsdel på rundt 10 minuttar, hovuddel på rundt 30 minuttar og ein avsluttande del på fem minuttar. Hovuddelen består av intervallar der vi varierer mellom høg og låg intensitet. Dei første fem intervallane varer i to minuttar, med eit minutt pause. Deretter gjennomførast det seks intervallareit minutt, med eit minutt pause.

Sist oppdatert 22.11.2024