Øvrig strålebehandling

Behandling

Kvar behandling tar 10 - 20 minutt. Sjølve strålinga tar ca. 1 – 5 minutt. Du kan få behandling kvar dag, unntatt i helgene og helgedagar. Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen påverkast av behandlinga, men er ein viktig kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.

Legekontrollar

Det blir tatt blodprøvar i løpet av behandlingsperioden. Du får også time til kontroll hos lege på kreft- poliklinikken. Når du er på legekontroll kan du få svar på spørsmål angåande sjukdommen og behandlinga. Dersom du treng reseptar eller sjukemelding, er det viktig å ta det opp når du har time hos legen.

Tips: skriv ned det du har tenkt å spørje om.

Er du innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden, tar du blodprøvar på avdelinga og snakkar med legen der.

Røyking

Strålinga er avhengig av oksygen for å verke effektivt. Røyking vil føre til redusert oksygennivå i blodet og kan dermed redusere effekten av behandlinga. Vedvarande røyking under strålebehandling har òg samanheng med auka førekomst av biverknadar. Det er derfor svært viktig at du sluttar å røykje. Snakk med stråleterapeut eller lege for råd og rettleiing.

Biverknadar av strålebehandlinga

Strålebehandlinga kan medføre biverknadar. Disse kan variere frå person til person.  Biverknadane avhenger av kor store stråledosar som gis, kva område på kroppen som får stråling og størrelsen på strålefelta. Vanlege biverknadar er:

Trøttleik

Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg meir trøytt og slapp. Det er då godt å få litt ekstra søvn og kvile. Frisk luft er bra, ta gjerne ein spasertur dersom du har anledning. Det er viktig med eit variert og næringsrikt kosthald. Under strålebehandlinga er det viktig å drikke rikeleg. Kroppen treng 1,5 - 2 liter væske dagleg.

Hudreaksjonar

Huda kan bli litt raud og irritert av behandlinga. Under strålebehandlinga anbefaler vi derfor at du unngår bruk av parfymerte produkt på huda i behandlingsfeltet. Du bør og unngå sol på dette hud området.

Dersom det oppstår andre biverknadar, eller du har andre spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du snakke med personalet på behandlingsmaskina. Du kan også ta dette opp med legen når du er til kontroll.

Sist oppdatert 07.10.2024