Strålebehanadling mot bekken

Behandling

Kvar behandling tar 10 - 20 minutt. Sjølve strålinga tar ca. 1 – 5 minutt. Du får behandling kvar dag, unntatt i helgene og helgedagar. Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen påverkast av behandlinga, men er ein viktig kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.

Legekontrollar

Det blir tatt blodprøvar i løpet av behandlingsperioden. Du får også time til lege her på avdelinga. Når du er hos lege kan du få svar på spørsmål angåande sjukdommen og behandlinga. Dersom du treng reseptar eller sjukemelding, er det viktig å ta det opp når du er inne hos legen. Det kan vere ein fordel om du på førehand skriv ned det du har tenkt og spørje legen om.

Røyking

Strålinga er avhengig av oksygen for å verke effektivt. Røyking vil føre til redusert oksygennivå i blodet og kan dermed redusere effekten av behandlinga. Vedvarande røyking under strålebehandling har òg samanheng med auka førekomst av biverknadar. Det er derfor svært viktig at du sluttar å røykje. Snakk med stråleterapeut eller lege for råd og rettleiing.

Biverknadar av strålebehandlinga

Strålebehandlinga kan medføre biverknadar. Desse kjem gjerne etter 1-2 vekers behandling. Biverknadane vil oftast betre seg gradvis nokre veker etter avslutta strålebehandling. Vanlege biverknadar er:

Trøyttleik

Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg meir trøytt og slapp. Det er då godt å få litt ekstra søvn og kvile. Frisk luft er bra, ta gjerne ein spasertur dersom du har anledning. Det er viktig med eit variert og næringsrikt kosthald. Under strålebehandlinga er det viktig å drikke rikeleg. Kroppen treng 1,5 - 2 liter væske dagleg. Er du yrkesaktiv kan du arbeide som vanleg, dersom du sjølv ønsker det.

Hudreaksjonar

Huda kan bli irritert (dvs. raud, øm og kløande hud) av strålebehandlinga. Under behandlinga anbefaler vi at du bruker ei såpe utan parfyme i behandlingsområdet. Unngå karbad, ta heller ein dusj. Ikkje frotter huda i strålefeltet, men klapp ho tørr.

Ikkje bruk stramt tøy. Bruk gjerne tøy av bomull. Huda må vere rein og så tørr som mogleg. Det er viktig at det kjem luft til dei såre områda. Unngå sol på bestrålte hudområde.

Diaré

Ved strålebehandling av bekkenet, kan ein få laus avføring eller diaré. Dersom du opplever det må du snakke med stråleterapeut som vil gje deg rettleiing om tilpassa kosthald og eventuelle medisinar. Knipsmerter kan førekomme opptil flere veker etter avslutta strålebehandling. Slimhinna i endetarmen kan bli irritert av strålebehandlinga. Dette kan medføre kløe og smerter.

Hyppig vasslating

Slimhinna i urinblæra blir irritert av strålebehandlinga. Dette medfører plager som kan minne om ein urinveisinfeksjon, med hyppig vannlating og svie. Snakk med personalet på behandlingsmaskina dersom dette blir eit problem.

Spesielt for kvinner

Ved nokre strålebehandlingsopplegg gitt mot bekkenområdet kan det vere ein fare for utvikling av bindevevsstrengar i skjeden. Dette kan motverkast ved bruk av ein vaginal dilatator.

 

Dersom det oppstår biverknadar eller du har andre spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina. Du kan også ta det opp ved legetime.

 

Sist oppdatert 07.10.2024