SOReg-dagen 2022
SOReg-dagen 2022 vart avvikla 20. mai på Clarion Hotel Bergen Airport.
Vi takkar alle som kom på SOReg-dagen 2022. Det var kjekt å kunne samlast igjen etter tre år!
Dagen starta med presentasjon og vurdering av årsrapporten for 2021, gjennomgang av kvalitetssikringsprosjekta «kontroll innan normtid del II» og «datakvalitet», samt utdeling av SOReg-prisen for 2021. Vinnaren vart Ibsensykehuset som fekk prisen for framifrå forbetring på kvalitetsindikatorane «kontroll innan normtid». Vinnaren fekk diplom, og sjukehuset får dekka utgifter til reise og opphald for to personar til SOReg-dag 2023.
Etter ein kort pause vart det gjennomgang av utfordringar ved plotting i SOReg, status for PROM og PREM (innført 7. mars), og nye tekstar som kjem i SOReg.
I den faglege delen var hovudtemaet preoperative løp og kva ein kan krevje av pasienten i forkant av ein fedmeoperasjon.
Professor Marit Halvorsen ved Institutt for offentleg rett (UiO) melde avbod pga sjukdom, i staden stilte Martine Myren (pasient) for å fortelje om sine erfaringar med offentleg og privat tilnærming. Villy Våge (registerleiar) gav eksempel på preoperative løp frå det offentlege, og Christian Lyckander viste preoperativt løp frå Ibsensykehuset (privatsjukehus). Pasientforløp vart drøfta.
Siste bolk var om forsking. Jorunn Sandvik (fagrådet/Helse Møre og Romsdal) snakka om jernmangel etter fedmeoperasjon, Anne Christensen (Stavanger Universitetsykehus) om svangerskap og fødsel etter fedmeoperasjon, Hannu Lyyjynen (statistikar, SOReg) om prediktorar for vekttap og refluks etter sleeve, og Villy Våge om Sleeve-pex studien som er planlagt.
Program SOReg-dagen 2022 (PDF)
Presentasjonar
Årsrapport 2021| Prosjektkontroll innan normtid | SOReg-prisen 2021 (PDF) - Villy Våge, registerleiar SOReg
Prosjekt: Blir fedmeoperasjonar rapportert likt av ulike behandlarar? (PDF) - Stina Hanson, koordinator SOReg
Utfordringar ved registrering | PROM og PREM | Nytt som kjem i SOReg (PDF) - Stina Hanson
Preoperative løp i offentlege sjukehus (PDF) - Villy Våge
Preoperativt løp ved eit privat sjukehus (PDF) - Christian Lyckander, Ibsensykehuset
Jernmangel etter fedmekirurgi (PDF) - Jorunn Sandvik, fagrådet / Helse Møre og Romsdal
Svangerskap og fødsel etter fedmeoperasjon (PDF) - Anne Christensen, Stavanger universitetssjykehus
Predikatorar for vekttap etter sleeve (PDF) - Hannu Lyyjynen, statistikar SOReg
Kan vi redusere refluks etter sleeve? Sleeve-pex studien.pdf - Villy Våge