Prosjekt

Psykisk helsevern for framtida

Personar med alvorleg psykisk sjukdom har ei forventa levetid som er 20 år kortare enn befolkninga elles. Somatisk sjukdom er den hyppigaste dødsårsaka. Med prosjektet Psykisk helsevern for framtida vil Helse Bergen freiste å jamne ut forskjellen.

​​​

Mann på benk ved havet.

Illustrasjonsfoto: Colourbox


Den overordna målsettinga med prosjekt Psykisk helsevern for framtida er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Med det meiner ein blant anna eit heilskapleg pasienttilbod utan det sterke skillet mellom psykisk helse, rus og somatikk. 

Rapport på høyring

Utkast til sluttrapport i prosjektet vart sendt på høyring til kommunar og andre samarbeidspartar i slutten av mars, med høyringsfrist 22. mai. I juni skal styret i Helse Bergen behandle rapporten. 

Utkast - Sluttrapport prosjekt psykisk helsevern for framtida (PDF)

Utkastet som no er sendt på høyring, gjeld psykisk helsevern for vaksne. Parallelt vert det jobba med ein langsiktig plan for barn og unge. Dette prosjektet skal levere si anbefaling innan utgangen av 2022.


Sist oppdatert 05.04.2022