Barn som pårørande

Når foreldre eller søsken til mindreårige barn har psykisk sjukdom, rusavhengigheit eller er alvorleg somatisk sjuk eller skada, vert heile familien påverka. Barn er pårørande i slike situasjonar. I tillegg er barn pårørande/ etterlatte når mor, far eller søsken dør.  Vi som helsepersonell er pliktig til å ivareta barna si trong for informasjon og oppfyljing i desse situasjonane.

En persons hender som holder en ring
​Spesialisthelsetenesta er pliktig til å oppnevne barneansvarlege for å sikre at barn som pårørande vert ivaretatt etter lova.
Barneansvarleg personell skal ha ansvar for å fremje og koordinere helsepersonell si oppfyljing av desse barna.

Det er utarbeidd kunnskapsbaserte fagprosedyrer som Helse Bergen nyttar i sitt arbeid med barn som pårørende. Voss sjukehus nyttar og desse prosedyrane. 

​​Koordinator Voss sjukehus

Anne Cecilie Kaldefoss
Telefon  56 53 35 00  (sentralbord)


Nyttige lenker

Sist oppdatert 27.05.2022