Utgreiing

Her har vi samla ein del informasjon til deg som skal til utgreiing ved Seksjon for klinisk spesialallergologi, Yrkesmedisinsk avdeling.

Første gangs konsultasjon
Når du kjem til avdelinga, gå først til ekspedisjonen. Her vil du bli vist vegen til poliklinikken, der ein av våre sjukepleiarar vil ta imot deg. Deretter vil du bli henta av legen til ein konsultasjon.

Etter samtalen med legen er det vanleg at ein gjer ein hudprikktest som blir lest av etter 15 minutt. Medan du ventar tar ein eventuelt blodprøvar og pusteprøvar.

Film: Praktisk utføring av prikktest


Viktig informasjon

​​Med tanke på hudprikktesten er det viktig at du ikkje bruker einskilde legemiddel på førehand. I første rekkje gjeld dette allergitablettar av typen antihistaminar (for eksempel Loratidin, Aerius, Cetirizin, Kestine, Telfast, Zyrtec) og reisesyketablettar. Om mogleg må desse unngåast i minst 3 dagar, men helst i ei veke før testen.

I samband med prikktesten er det viktig at ein unngår å bruke body lotion på armane same dag.
​​

Pasientar som går til allergivaksinasjon

Du må ringe avdelinga og få ny time dersom du:

  • er forkjøla, har feber, eller har anna sjukdom
  • har allergisymptom. Du skal vere symptomfri i minst ei veke​​​ før vaksinasjon.
  • har fått annen vaksine eller antibiotika dei siste 7 dagane
  • har hatt behov for å auke dosen med astmamedisin

Pasientar som skal til provokasjon​

Du må ringe avdelinga og få ny time dersom du:

  • er forkjøla, har feber eller har anna sjukdom
  • har allergisymptom
  • har brukt antihistaminar dei siste dagane​

Våre utgreiingar

  • Annen overfølsomhet

    Her finn du informasjon om helseplager grunna miljøfaktorer.

  • Nasal provokasjonstest

    Nasal provokasjonstest er ein test som ein kan bruka i utgreiing av allergi.

  • Konjunktival provokasjonstest

    Konjunktival provokasjon er aktuell ved mistanke om allergi når andre testar er negative.

  • Spirometri

    Spirometri bruker ein til å måle lungefunksjon. 

  • Intrakutantest

    Intrakutantest er ein hudtest ein kan bruke ved mistanke om legemiddelallergi.

  • Prikktest

    Prikktest er ein allergitest der ein kan testa direkte på huden.

Sist oppdatert 03.10.2023