Undersøking
CT av magen
CT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.Introduksjon
- undersøke blødningar, aneurismer (utposninger på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskader
- oppdage svulstar og andre prosesser i heile kroppen
- vurdere om kreftbehandling verkar
- avklare infeksjonar og betennelsestilstandar
- vurdere organskadar etter skader (traumer)
- vurdere tilstandar i muskel og skjelett
- ta vevsprøve (biopsi)
Tilvising og vurdering
Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.
Før
Førebuing heime
Nokre undersøkingar kan innebere førebuingar som blodprøvetaking, faste, drikke eller tarmtømming. Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga blir sendt til deg ved innkalling eller blir gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.
Du skal ikkje spise to timar før ein kontrastundersøking. Dette er for at mage og tarm skal være best mogeleg forberedt for undersøkinga.
Du kan drikke klare væsker i moderate mengder.
Med klare væsker meiner vi:
- vatn
- saft
- juice utan fruktkjøtt
- buljongsuppe
- kaffi og te utan mjølk
- Unngå mjølkeprodukt eller produkt med kolsyre.
Når inntak av kontrast startar kan du ikkje drikke. Dette for å unngå utvatning av kontrasten i tarmsystemet.
CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.
Dersom du har normal nyrefunksjon og bruker tablettar som inneheld metoformin mot diabetes skal du ta desse som normalt før kontrastundersøkinga. Dersom du har hatt opphald i bruk av tablettane må du kontrollerer nyrefunksjonen din to dagar etter undersøkinga før du kan fortsette med tablettane. Dette gjer du hos eigen lege.
Har du sjukdom i skjoldbrukskjertelen, opplys tilvisande lege om dette.
Førebuing på sjukehuset.
Dersom du skal ta CT av mage eller bekken må du i dei fleste tilfelle drikke vatn eller vatn tilsett kontrastvæske før undersøkinga. Du blir spurt om du har diabetes viss det er aktuelt å blande saft i vatnet med kontrasten.
Ved nokre tilfelle skal du ikkje drikke kontrast før undersøkinga. Då treng du ikkje førebu deg heime.
Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet i bileta.
Under
Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut fra kva som skal undersøkast.
Som regel tar undersøkinga mellom 10 - 30 minutt. Sjølve bilettakinga tek berre nokre få minutt.
Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg gjennom den korte opninga av CT-maskina. Når bileta blir tatt beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir du bedt om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Undersøkinga er smertefri.
Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Dei kan sjå deg gjennom eit vindauge, og høyre deg gjennom ein mikrofon i maskina.
CT med intravenøs kontrastvæske
Etter
Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Vi tar ut venekanylen etter ventetida.
Resultat av undersøkinga
Bileta blir granska av ein røntgenlege (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.
Ver merksam
CT med kontrast
Kontakt
Glasblokkene
Radiologisk avdeling
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling har seksjonar fleire stader på Haukelandsområdet, i Bergen helsehus, i leigde lokale ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, på Kysthospitalet i Hagevik og ved Voss sjukehus. Sjå den aktuelle seksjonen for meir informasjon.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen