Brukarstøtte

I samband med bruk av behandlingsprogramma i eMeistring kan det dukke opp vanskar knytt til tilgang, pålogging og sjølve behandlinga. På denne sida vil vi forsøke å hjelpe deg med dette.

 

Illustrasjon med to kvinner og en mann, fire store puslespillbiter, en stige og snakkeboble med lyspære.

Dersom det er tekniske feil eller problemar i forbindelse med behandlinga er det viktig at desse kjem fram til oss.

 

For at vi best skal kunne hjelpe deg, må du sende ei best mogeleg beskriving av problemet som har oppstått. Ta også gjerne eit skjermbilde av feilen/problemet og lim inn i ein epost til oss.​

Hugs! Sensitiv informasjon (f.eks. informasjon om deg eller personnummer) skal ikkje skal sendast på epost.

Send ein epost ​med beskriving av problemet til: emeistring@helse-bergen.no

  • Innlogging er ikkje tilgjengeleg før du har fått ein SMS frå eMeistring om at du kan starte opp i behandlinga.

  • Har du fått SMS, men innlogging fungerer ikkje likevel​? Ring eMeistring på telefon 55 95 71 79 og gi beskjed, så skal dette rettes opp.

  • IDporten brukes til innlogging. Dette er samme type innlogging som i nettbanken din eller offentlige tjenester som Altinn, Helsenorge.no etc.​

Kvart behandlingsprogram inneheld modular/kapitlar med ulike tema du skal lese. Det er også heimeoppgaver og spørreskjema du skal sende inn i kvar modul. I tillegg skal du jobbe med arbeidsark/øvingar gjennom heile behandlingsforløpet.

eMestring er veileda internettbehandling. Det er behandlar som gir deg tilgang til neste modul når du er ferdig med innhald og oppgaver. Det beregnes normalt ei veke arbeid per modul.

Kommunikasjon mellom deg og behandlar skjer via ei meldingstjeneste inne i behandlingsprogrammet. Om du har spørsmål eller noko du ønsker å formidle underveis i behandlingen, bruk først og fremst denne meldingstjenesten til å halde kontakten med din behandlar. Om nødvendig kan behandlaren også ta kontakt med deg på telefon, eller sette opp ein ordinær samtale underveis.

Meldingstjenesten er ikkje ein chat hvor behandlar leser meldinger umiddelbart. Behandlar seier frå ved oppstart hvilke dagar dei vanligvis er innlogga, følger ditt behandlingsløp og gir deg tilbakemelding på arbeidet du har gjort.​​

Oppgavene du sender inn i behandlingsprogrammet lagres, og du finn dei på sida Innsendte skjema inne i eMeistring. Du finn også utskriftsvennlige versjonar av modulane du er ferdig med på sida Bibliotek inne i eMeistring. Dette vil være tilgjengeleg for deg i seks månader etter avslutta behandling.​​​

​Alle pasientar som mottar behandling hos eMeistring blir bedt om å samtykke til at vi brukar informasjon fra behandlinga i forskning. Dette er for at vi skal kunne evaluere og vidareutvikle behandlingstilbodet. Alle data blir anonymisert og kan ikkje identifiserast.

Følgjande forskningsspørsmål blir undersøkt:

  • Kva er effekten av assistert internettbehandling i ordinær klinisk praksis?
  • Kva kjennetegner dei som har nytte av assistert internettbehandling i ordinær klinisk praksis?
  • Kva er dei helseøkonomiske konsekvensane av å bruke assistert internettbehandling i ordinær praksis?

Til saman gjer dette betydeleg bidrag til nasjonal- og internasjonal forskningslitteratur.

Du vil få meir informasjon om samtykke til forskning i vurderingssamtalen med  din behandlar, og når du logger deg inn i behandlinga.​

Dersom du opplev tekniske vanskar under sjølve behandlinga, må dette beskrivast best mogeleg og tas opp med din behandlar i ein melding inne i programmet.

Tekniske feil kan oppstå, og vi ønsker å løse disse raskast mogleg for at du skal kunne bruke behandlingsprogrammet på ei god måte.

Sist oppdatert 04.07.2023