eMeistring

Ofte stilte spørsmål

Her kan du finne svar på ein del ofte stilte spørsmål som vi får om eMeistring.

Som utgangspunkt kan alle over 18 år med panikkliding, sosial angst eller depresjon søke om behandling i eMeistring. Behandlinga føregår via internett, men ein treng ikkje høg teknisk kompetanse for å delta. Klarar ein å betale rekningar på nett, har ein tilstrekkeleg internettkunnskap for å starte opp behandlinga. Utover dette krevjer behandlinga at du deltek aktivt gjennom å gjere øvingar. Du held kontakten med din terapeut gjennom å skrive meldingar inne i behandlingsprogrammet. 

eMeistring er ikkje eigna for deg som er i ein krisesituasjon eller har akutte behov, for eksempel dersom du er i sjølvmordsfare. Ring legevakten på 116 117 for øyeblikkelig hjelp

På noverande tidspunkt tilbyr vi ikkje behandling for andre angstlidingar enn sosial fobi og panikkliding. Det vil seie at vi ikkje tilbyr behandling for helseangst, generalisert angst, tvangsliding, OCD eller PTSD.

Du kan ikkje motta behandling i eMeistring dersom du allereie er i gong med ein annan form for psykologisk behandling. Dersom du ynskjer å forsøke eMeistring i staden for annan behandling anbefaler vi at du drøftar dette med din behandlar. 

Før oppstart i behandlinga vert alle kalla inn til ein video-samtale hjå eMeistring, der vi saman vurderar om dette vil vere eit eigna behandlingsprogram for deg. Dersom du ynskjer det, kan denne samtalen også skje via oppmøte hjå eMeistring.

Normalt sett kan du forvente å bli innkalt til vurderingssamtale innan 3 veker. I nokre perioder kan det vere lengre ventetid. Det er ikkje ventetid på sjølve behandlinga. Dersom du etter vurderingssamtale får tilbod om behandling i eMeistring, kan du starte opp same dag.

eMeistring tilbyr behandling via internett og vi tilbyr ikkje ansikt til ansikt samtalar. 

Vi brukar å seie at dersom du klarar å betale rekningar på nett, har du tilstrekkelege datakunnskapar til å motta behandling i eMeistring. Dersom du opplev problem med det tekniske vil vi forsøke å hjelpe deg vidare så godt vi kan. 

eMeistring er ein del av psykisk helsevern og tilbyr faste konsultasjonstider på kvardager. Samtalane vert holdt i tidsrommet 9-15. Det betyr at du må være tilgjengeleg på eit tidspunkt innanfor denne tida, dersom du ynskjer å bli vurdert for eMeistring. Dersom du får tilbod om å starte i eMeistring, kan du jobbe med behandlinga når det passar for deg. ​

Kontakt oss ved ønske om nytt tidspunkt, så vil vi imøtekome dette.

Du betalar eigendel for vurderingstimen i forkant av behandlinga og for avslutningssamtalen når du er ferdig med behandlingsprogrammet. Utover dette er behandlinga kostnadsfri. 

Brukarstøtte eMeistring

I samband med bruk av behandlingsprogramma i eMeistring kan det dukke opp vanskar knytt til tilgang, pålogging og sjølve behandlinga.
Brukarstøtte
Illustrasjon med to kvinner og en mann, fire store puslespillbiter, en stige og snakkeboble med lyspære.
Sist oppdatert 28.09.2023