Om eMeistring

Kven er vi?

eMeistring tilbyr og utviklar veileda internettbehandling for vanlege psykiske lidingar.

eMeistring i Helse Bergen har behandla angstlidingar sidan 2013 og depresjon sidan 2015. I 2014 blei det oppretta ei eiga eMeistring-avdeling ved Solli DPS i Bergen, og ved Sykehuset i Vestfold. I 2018 blei tilbodet tilgjengeleg også ved Nidaros DPS​, og i Helse Fonna​, Helse Førde og i Helse Stavanger​ i 2020. I løpet av hausten 2021 ble eMeistring også startet i heile helseregion Sør-Øst​. Vi vonar at eMeistring vil vere eit landsdekkande tilbod i løpet av dei neste åra.

eMeistring har per i dag behandlingsprogram for panikkliding, sosial angst og depresjon. Våre tenester er tilgjengelege, fleksible og har høg kvalitet. I 2019 vart terapeutveileda internettbehandling godkjent som metode av Beslutningsforum for nye metodar i spesialisthelsetenesta.

Beslutningsforum - Metodevurdering eMeistring

Med denne behandlingsmetoden kan ein nå pasientgrupper som elles har høg terskel for å søke hjelp, og behandlingskapasiteten til kvar enkelt terapeut aukar.​

Sist oppdatert 24.11.2022