Sikkerheit

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eMeistringsprogramma nyttar vi det høgaste sikkerheitsnivået vi har i Noreg.

Glasklokke over kvinne i sofa med laptop på fanget, smarttelefon, kaffi på bordet.

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eMeistringprogramma nyttar både pasient og behandlar IDporten, med sikkerheitsnivå 4, for å logge seg på. Sikkerheitsnivå 4 er meint for sikring av sensitiv informasjon, det høgaste nivå vi har i Noreg i dag.

Sikkerheitsnivå 4 er definert av norske myndigheter og vert forvalta av Post- og Teletilsynet. Innlogging til eMeistringprogramma med sikkerheitsnivå 4 skjer via BankID, Buypass eller Commfides.

Ta kontakt med banken din for å bestille BankID.

MERK! Ikkje del BankID, sjølv ikkje med familiemedlemmer eller andre du stoler på. BankID er din personlige digitale ID og signatur.

Har du spørsmål om sikkerheit eller anna tilknytta eMeistringprogramma ta kontakt med oss på epost emeistring@helse-bergen.no eller telefon 55 95 71 79.

Sist oppdatert 01.11.2023