Tilvising

eMeistring tilbyr veileda internettbehandling for voksne over 18 år med lett til moderat depresjon, panikkliding eller sosial angst.

En gruppe mennesker som sitter ved et bord

eMeistring tilbyr veileda internettbehandling for voksne over 18 år med lett til moderat depresjon, panikkliding eller sosial angst. Vi tilbyr per i dag ikkje behandling for andre angstlidingar, slik som generalisert angst, helseangst, tvangsliding eller PTSD.

eMeistring eignar seg ikkje for pasientar med meir komplekse lidingar (sjå nærare skildring av eksklusjonskriterier nedanfor).

Behandlinga vert gitt over 14 veker gjennom eit nettbasert behandlingsprogram, med skriftleg støtte og tilbakemelding frå ein behandlar. Behandlinga krevjer at pasienten tar ei aktiv rolle i å oppnå betring. Metoden som vert brukt er kognitiv atferdsterapi.

Med veileda internettbehandling kan vi nå pasientgrupper som ellers har høg terskel for å søke hjelp, eller av andre grunnar har utfordringar med å kome i kontakt med oss (reiseveg, jobb/skule, tid på døgnet ol.). eMeistring er ei fleksibel behandlingsform og støttar dermed oppunder målet om å auke tilgang til effektive helsetenester.

eMeistring Helse Bergen held til ved Bjørgvin DPS på Tertnes. Tilbodet fins også ved Solli DPS, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger, Nidaros DPS, Sykehuset i Vestfold, Oslo Universitetssykehus, Vestre Viken, Diakonhjemmet sykehus, Akershus universitets-sykehus, Sørlandet sykehus, Sykehuset Innlandet, Sykehuset Telemark og Sykehuset i Østfold.

eMeistring Helse Bergen tek imot pasientar frå helseregionar som ikkje har dette tilbodet, men vi gjer oppmerksam på at pasientar utanfrå Helse Bergen berre vil få eit tilbod ved ledig kapasitet.

eMeistring har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i eMeistring er det den lokale spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for å ivareta pasienten. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil eMeistring ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.

Tilvisingar vert tekne imot som elektronisk tilvising eller per brev.

Adresse

Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
eMeistring
Postboks 1400
5021 Bergen

Tilvisinga må innehalde følgande opplysningar:

  • Pasientdata
    Navn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer.
  • Vurdering av rett til helsehjelp
    Informasjon om vurdering av rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta når det er føretatt (kven har vurdert, datoar, fristar, innfridde fristar).
  • Tilhøyrande DPS
    Kva for eit DPS/poliklinikk er pasienten tilhøyrande? eMeistring treng kontaktinfo i tilfelle behov for kontakt ved akutte høve.
  • Tilvisingsdiagnose
    Hoveddiagnose og evt. bidiagnose. Dersom eMeistring skal gi eit tilbod må pasienten sitt hovudproblem være sosial angst, panikkliding med/utan agorafobi eller lett til moderat depresjon.
  • Bakgrunn
    Oppvekstforhold, familieforhold og nettverk, omsorgsansvar for barn eller andre, sivilstatus, buforhald, arbeid, trygd, individuell plan.

Sjekk spesielt ut om pasienten kan lese og forstå norsk, eller om h*n har lese- og/eller skrivevanskar. Dette kan gje utfordringar med å gjennomføre programmet grunna store mengder tekst og skriveoppgåver ein skal gjennom. Eit tips er å be pasienten lese første modul i kvart av behandlingsprogramma.

  • Psykiatrisk sjukehistorie
    Tidlegare betydningsfulle symptom og problem, tidlegare diagnosar, tidlegare behandling og utbytte av denne. Har pasienten erfaring med bruk av sjølvhjelp frå tidligare?
  • Aktuelt
    Aktuelle problem som pasienten søker behandling for (debut, årsaksforhold, symptom, behandling, forløp, betydning for funksjon, livskvalitet), herunder opplysningar omkring evt. rusproblematikk, suicidalitet og voldsrisiko.
  • Relevant somatisk problematikk
    Føreligg det ustabile og/eller uavklarte somatiske tilstander?
    Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjerterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreineleg med behandlinga for panikkliding.
  • Medikamentbruk
    Preparatnamn, formulering, styrke, dosering.
    Her bør det spesielt verte angitt kor lenge pasienten har stått på aktuell psykofarmaka og evt. bruk av B-preparat. Jevnleg bruk av B-preparat gjer behandling i eMeistring kontraindisert. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Pasienten må kunne motiverast for eksponering for frykta situasjonar utan medikamentell støtte, og h*n må tåle symptomtrykket som følgjer av kontinuerlig eksponering. Stabil medisinering med anna psykofarmaka er uproblematisk saman med eMeistring.
  • Vurdering med grunngjeving for tilvising
    Diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose.
    Angje pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.

Ring oss gjerne på telefon 55 95 71 79  dersom du har spørsmål om tilvisingar til eMeistring.

eMeistring eignar seg ikkje for personar med:

  • ​Moderat til høg suicidalfare, der behovet for ivaretaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg. Dette utelukkar også personar som nylig har gjennomført suicidforsøk.
  • Psykoseproblematikk. Dersom pasienten har fungert stabilt utan pågåande psykotiske symptom over tid, og har ein behandlingskontakt i spesialisthelsetenesta som kan ivareta og følgje h*n opp ved behov, kan ein motta behandling i eMeistring for komorbid panikkangst, sosial angst eller mild til moderat depresjon.
  • Ubehandla alkohol- eller narkotikaproblematikk, eller medikamentavhengigheit som kan utgjere eit hinder for behandling.
  • Nylig oppstarta eller endring av dose psykofarmakabehandling. Effekt av medikamentet bør først evaluerast.
  • Jevnleg bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising.
  • Ustabil og/eller uavklart somatisk tilstand. Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjarterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreinleg med behandlinga for panikkliding.
  • Alvorleg depresjon, der behovet for ivaretaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg.
  • Bipolar depresjon. Det er ikkje funne evidens for effekt av behandlingsprogrammet for depresjon for personar med bipolar depresjon. Personar med godt regulert bipolar liding kan ha nytte av og få behandling for komorbid panikkliding eller sosial angst.
  • Lav motivasjon eller annan funksjonspåverknad (f.eks. høg initiativløyse eller konsentrasjonsvanskar) som gjer det vanskeleg å gjennomføre internettbehandling, som krev høg grad av ansvarstaking. Ustabile eller vanskelege ytre forhold, for eksempel livskriser, kan også gje nedsett funksjon og vanskar med å følgje opp behandling over internett.
  • Personar med lese- og/eller skrivevanskar, inklusivt vanskar med det norske språk, kan ha utfordringar med å gjennomføre programmet grunna store mengder tekst og skriveoppgåver ein skal gjennom.
  • Bustad utanfor Norge.
  • Forventa lengre fråvær i løpet av behandlingstida.
  • Komorbiditet som erfaringsmessig kan vanskeleggjere rettleia internettbehandling er: GAD, hypokondri, PTSD og engsteleg/ unnvikande personlighetsforstyrring.
Sist oppdatert 01.11.2023