Forsking, omsorg og immunterapi gav nytt håp

Per Selle fekk det alle trudde var ein feittklump på ryggen, hausten 2021. Noko som seinare viste seg å vere kreft. Dei påfølgjande månadene var tøffe, og Per fortel at han fekk ei ny forståing av tid etter han fekk diagnosen. Men opphaldet ved sjukehuset si forskingspost blei eit vendepunkt - takka vere tett oppfølging, omsorg og tilgang til god behandling.

Publisert 23.04.2025
En mann og en kvinne i et rom med medisinsk utstyr
Per blei inkludert i studia i 2021. Forskingssjukepleiar Torill Våge har følgt han gjennom heile behandlinga.

Tett oppfølging

Sidan 2024 har Oddbjørn Straume vore ansvarleg klinikkdirektør ved kreftavdelinga. I 2021 var han overlege ved same avdeling og tok personleg initiativ til å inkludere Per i ei pågåande studie ved forskingsposten.

Studia testa effekten av immunterapi åleine og i kombinasjon med andre legemiddel. For Per viste resultata seg raskt etter å berre ha mottatt immunterapi.

— Det var nesten utruleg. Kroppen min responderte raskt på behandlinga, og eg kunne kjenne betring berre nokre veker etter oppstart, fortel Per.

Forskingposten er spesielt utforma for å gjennomføre tidlegfase utprøving av nye legemiddel og medisinsk teknologi. Per skildrar si oppleving som deltakar i ei klinisk studie ved forskingsposten, som over all forventning.

— Eg opplevde å bli sett som menneske, ikkje berre ein pasient med ei alvorleg diagnose. Forskingposten var ikkje berre ein stad for behandling, men eit trygt rom der eg fekk motivasjon til å fortsette, fortel han.

Oddbjørn Straume fortel at forskingsposten er eit viktig knutepunkt for utvikling av nye behandlingsmetodar og betre pasientbehandling.

Per blei inkludert i studia i 2021. Forsking-sjukepleiar Torill Våge har følgt han gjennom heile behandlinga.

Verdien av å inkludere pasientar i kliniske studiar

Overlege og leiar for forskingsposten, Nina L. Jebsen, understrekar viktigheita av å inkludere pasientar i kliniske studiar.

Ved å delta i kliniske studiar bidrar pasientane direkte til utviklinga av betre behandlingsløysingar. Samstundes kan dei sjølv få tilgang til innovativ behandling som ikkje enno er tilgjengeleg ved eit standard behandlingsforløp.

Jebsen fortel at det er meiningsfullt å kunne tilby utprøvande behandling under trygge og strengt kontrollerte forhold som kan gi håp for pasientar i ei vanskeleg situasjon.

— Kliniske studiar har utgjort grunnlaget for testing av tryggleik og effekt av terapialternativ som er godkjent til rutinemessig bruk i dag. Ny kunnskap gjennom klinisk forsking er derfor avgjerande for å sikre medisinske framsteg.

— Kreftpasientar utgjer hovudandelen av studiedeltakarane ved Forskingpost for vaksne, men vi samarbeider tett med alle dei kliniske avdelingane i sjukehuset, og har studiar for eit breitt utval av diagnosar. I tillegg samarbeider vi med forskarar ved universitetet i Bergen, samt med andre forskingssenter nasjonalt og internasjonalt for å delta i front i den medisinske utviklinga, seier Jebsen.

En mann som står i et rom
Per kom for å besøke forskingsposten, etter han hadde avslutta behandlinga.

Omsorg som ein del av behandlinga

Per fekk diagnosen i desember 2021. — Jula var prega av stor uvisse og tungt sinn. Det var ei vanskeleg tid for meg og familien. Vi visste ikkje kva framtida ville bringe, fortel han. Etter eit år med effektiv behandling, stod jula 2022 i stor kontrast.

— Det var fantastisk å oppleve ei jul utan den konstante skya av bekymring. Eg og familien kunne fokusere på kvarandre og verkeleg nyte tida saman.

Per fortel at han følte seg ivareteken heile vegen, og at han fekk eit godt forhold til dei tilsette på forskingsposten.

Forskingposten handlar ikkje berre om å teste ny behandling. Like viktig er den heilskaplege omsorga pasientane mottar. Her blir det lagt vekt på både fysisk og psykisk helse.

Torill Våge og Kari Anne Seime er nokre av studiesjukepleiarane på forskingsposten og har lang erfaring med å legge til rette for studiar og sikre god oppfølging av deltakarane.

— Det er kjekt å jobbe tett på pasientane. Du følgjer dei gjennom heile behandlingsperioden og blir godt kjent med dei. Jobben er variert, med ein kombinasjon av klinisk arbeid og innsamling av data. Det gir ei unik innsikt i pasientane si reise og behandling, fortel dei.

— Forsking og omsorg går hand i hand. For oss er det viktig å gi pasientane ei trygg ramme der dei kan føle seg ivaretekne gjennom heile prosessen, seier Torill Våge, studiesjukepleiar på forskingsposten.

Per kom for å besøke forskingsposten, etter han hadde avslutta behandlinga.

Høg kompetanse med pasienten i fokus

Forskingposten er ein viktig ressurs for sjukehuset, og er bemanna med erfarne studiesjukepleiarar og legar som har lang erfaring innan klinisk forsking.

— Kompetansen i forskingspostane bidrar til å gjere kliniske studiar meir effektive, samstundes som det styrker kvaliteten på forskinga ved sjukehuset. Sjukehuset har også ein forskingspost for barn, som bidrar til å fremme behandlingar for våre yngre pasientar, seier forskingssjef i Helse Bergen, Vibeke Vold.

Resultata frå studiane vil ikkje berre vere viktige for sjukehuset, men også for det medisinske fagmiljøet. Sjukehuset oppfordrar fleire pasientar til å vurdere deltaking i kliniske studiar, dersom det er aktuelt. Pasientane si deltaking er avgjerande for å kunne gi endå betre behandlingstilbod, seier forskingssjefen.

Fire år etter diagnosen, lever Per godt med sjukdomen og fortel at han er glad for å ha kunna leve som normalt under behandlinga.

— Sida behandlinga fungerte så bra og bivirkningane knapt var der kunne eg også under behandlinga leve om lag som normalt. Til trass for diagnosen er eg framleis i stand til å leve eit normalt liv, noko eg er utruleg takksam for, fortel han.