Søk om forskings- og innovasjonsmidlar

Rådgjevingstenesta for ekstern forskingsfinansiering jobbar med å støtte forskingsprosjekt knytt til Haukeland universitetssjukehus i prosessen med å søkje på eksterne midlar til forsking.

Hender som held nettbrett. Foto.

​Alle finansieringskjelder utanom midlar frå Helse Vest sjåast på som eksterne. Høgast på prioriteringslista er finansiering gjennom EU og Norges Forskingsråd (NFR). Å auke den norske deltakinga i prosjekt tilknytt EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europe, er eit satsingsområde for Haukeland. I tillegg har NFR store årlege utlysingar, både innan helse- og omsorgsfeltet og meir generelle. Rådgjevingstenesta støttar også søknader til KG Jebsen, Kreftforeninga og andre aktuelle eksterne finansieringskjelder.

Intern utlysingskalender

Er du ansatt på HUS kan du se alle aktuelle utlysingar i utlysingskalenderen som ligger på Innsiden/forskning.

Kontakt 

 
E-post: forskning@helse-bergen.no

Sist oppdatert 30.04.2024