Obligatoriske e-læringskurs for studentar

Studentar som skal i praksis må gjennomføre utvalde kurs før oppstart av praksisperioden.

​​​​​​​​​​​Via Læringsportalen kan du registrere deg som ekstern brukar og melde deg på aktuelle kurs.

Obligatorisk opplæring for alle studentar   

Alle kursa er e-læringskurs og må vere gjennomført og bestått før du startar praksisperioden og får tildelt ditt personlege brukarnamn og passord til Helse Bergen sine IT-system.

  • Brannvern teoretisk del 
  • Informasjonssikkerhet
  • Smittevern: Håndhygiene
  • DIPS-kurs dersom du skal ha DIPS-tilgang

Tilgang til kurspåmelding via Læringsportalen


  • Du kan få tilgang til Læringsportalen utan å ha brukarkonto som er tilknytt Helse Bergen ved å registrere deg som ekstern brukar av portalen. Under registreringa må du velja organisasjonen "Helse Bergen – tilgang for eksterne brukarar". 
  • Det er viktig at du registrerer deg med fødselsnummer
  • Eksterne brukarar har ikkje tilgang til alle kurs som tilsette har, men ein del av dei. Blant anna er kurs som studentar kan ta i samband med praksis tilgjengelege.
  • Før du begynner vil du få eit nytt brukarnamn og alle gjennomførte kurs vil bli flytta til din «tilsettprofil».
  • Obs! Frå den dagen du har fått tilgangar vil du ikkje kunne logge deg inn med originalt brukarnamn.  Ring 55 97 65 40 for å få nytt brukarnamn. Passord er uendra.

Register deg i Læringsportalen

Gjennomføring av e-læringskurs

  • Via kurskatalogen finn du utvalde kurs som er tilgjengelege for studentar. Påmelding til kurs gjer du via katalogen. 
  • Instruksjonar for gjennomføring av dei einskilde kursa finst på eiga side om kurset. Kurs som du har gjennomført og bestått vert lista i oversikten 'Mine kurs' via venstre meny i Læringsportalen.
  • For Internet Explorer kreves versjon 9 eller nyere.
  • Noen kurs starter i eget vindu. Sjekk at pop-up blokkering ikke er på. Vær spesielt oppmerksom på dette ved bruk på nettbrett.


Sist oppdatert 25.08.2022