Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Aslak Aslaksen takker for seg

Innovativ, engasjert, dyktig og dedikert er nokre av karakteristikkane kollegaer gir av Aslak Aslaksen. No går han av etter 21 år som leiar av Radiologisk avdeling i Helse Bergen.

Publisert 03.01.2024
Sist oppdatert 04.09.2024
Mann ved inngang til rom med røntgenmaskin
Sjølv om Aslaksen gir seg som leiar av Radiologisk avdeling vil han fortsatt jobbe ved sjukehuset nokre år til, iei 30 prosent stilling for VeraVest-prosjektet. 

I 1974 flytta Aslaksen til Bergen, den gong som medisinstudent. Sidan då har han studert og jobba ved sjukehuset, med eit fire års opphald som lege i Finnmark og fire år som sjeflege på Haraldsplass diakonale sykehus. 

 – Så egser på meg sjølv som ein ekte bergensar, seier Aslak Aslaksen med eit lunt smil på sin siste dag som leiar av Radiologisk avdeling.  

Aslaksen har vore leiar på Haukeland sidan ny føretaksmodell vart innført i 2002. 

– Eg pleier å seie at eg er eit ektefødd barn av “new public management”. Med det meiner eg at eg har vore leiar heilt sidan vi gjekk frå å vere sjukehus og forvaltningsorgan til å bli eit helseføretak. Reforma med ny føretaksmodell gjorde at eg fekk leie all verksemd i avdelinga, frå medarbeidarar og økonomi til fag og forsking. Det har vore veldig spennande, samtidig som det har krevd mykje, seier Aslaksen. 

Å forvalte samfunnets ressursar på ein best mogleg måte og samtidig markere bildediagnostikken som eit viktig fagområde har vore ein raud tråd gjennom alt arbeidet Aslaksen har gjort ved Haukeland universitetssjukehus.  

– Det har vore viktig for meg at vi vel dei undersøkingane  innan radiologi som gir mest verdi for pasienten, og at vi unngår å gjere dei undersøkingane som ikkje gir verdi, og som i tillegg kanskje kan skade pasientane, seier Aslaksen.  

Frå papir til elektronisk format

Det har vore ei rivande utvikling i digitalisering av radiologiske tenester dei siste åra. Då Aslaksen begynte som leiar ved Radiologisk avdeling vart alle røntgenbilde framstilt på plastfilm og all kommunikasjon var på papirformat.  I dag er alle røntgenbilde og tenester ved avdelinga digitalisert. 

– Radiologi er det fagområdet som var først ute med å bli fulldigitalisert. Det er mykje takka vere det gode samarbeidet mellom medarbeidarar på dei radiologiske avdelingar, IKT-leverandørar, Helse Vest IKT, avdeling for e-helse i Helse Bergen og Helse Vest RHF. Vi har alle stått på for at løysingane  skal bli gode og stabile, og for å få gode integrasjonar mellom radiologisystema og dei kliniske systema. I tillegg har det vore viktig å kunne dele informasjon mellom sjukehus på ein lovleg måte, fortel han.  

Testar ut ny teknologi 

Aslaksen har også gått i bresjen for å ta i bruk kunstig intelligens (KI) innan radiologi. Ved hjelp av KI kan ein gå gjennom store mengder radiologiske bildedata, og hjelpe radiologen med diagnostikk.  

– Kunstig intelligens vil endre måten vi arbeider på innan radiologi. Vi vil for eksempel kunne kombinere bildefunn med andre biomarkørar for å gi ei endå betre persontilpassa behandling. Imidlertid er det ei rekkje utfordringar knytt til bruk av kunstig intelligens som vi må teste og utforske. Der har vi som universitetssjukehus eit stort ansvar med å bidra til, seier Aslaksen. 

Ein nettverksbyggar   

Utvikling av teknologi og god leiing kjem  ikkje av seg sjølv, så for Aslaksen har det vore viktig å skape nettverk på tvers av heile Helse Vest og heile helse-Norge.   

– Som leiar kan ein ofte føle seg åleine, men ved å samarbeide på tvers i regionen og ved å etablere gode nettverk møter du likesinna som står i dei same utfordringane som deg. Det kan gi deg nye perspektiv på utfordringar du må løyse, seier han. 

Aslaksen har fleire gode råd til andre leiarar;  

– Få oversikt over omgjevnadane dine  og bidra til å forme utviklinga både fagleg og teknologisk og sjå på deg sjølv som ein endringsagent. I ei tid der avisspaltene er prega  av problem med Helseplattformen i Helse Midt-Norge er det viktig at helseleiarar engasjerer seg i utvikling og implementering av ny teknologi og ikkje føler det som om dei er «utsett for» teknologien.   

– Eg har forsøkt  å skape strukturar og nettverk som understøttar den faglege verksemda, både når det gjeld kompetansebygging, forsking og organisasjonsutvikling, seier Aslaksen. 

Bygd opp eit stort senter 

Aslaksen fortel stolt om Senter for nukleærmedisin og PET. PET står for positronemisjonstomografi. Det er ein metode som blir brukt for å kartleggje biokjemiske prosessar i levande vev ved hjelp av radioaktivt merka sporstoff. PET har blant anna stor verdi innanfor kreftdiagnostikk og for undersøking av hjernen.  

– Tidleg på 2000-talet fekk vi 53 millionar kroner frå Trond Mohn til å byggje eit PET-senter på Haukeland. Nukleærmedisin på Radiologisk avdeling starta opp med tre tilsette; ein sjukepleiar, ein lege og ein radiograf. I dag er det 40 tilsette på senteret, som er i ei rivande utvikling.  

Han vil takke Trond Mohn for mykje av utviklinga ved Radiologisk avdeling.  

– Han har hjelpt oss med forskingsprosjekt, innkjøp av maskiner og utvikling av nye maskiner. Trond Mohns stiftelse har også finansiert eit stort forskingssenter, Mohn Medical Imaging and Visualization Centre(MMIV) der Radiologisk avdeling i samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskulen på Vestlandet (HVL)  driv avansert kreftforsking og forskar på kunstig intelligens og medisinsk visualisering.  I tillegg har Mohn finansiert eit prosjekt som heiter 180 grader Nord som er eit samarbeid mellom Tromsø, Trondheim og Bergen innan nukleærmedisin. Samarbeidet har hatt mykje å seie for forskinga på korleis radioaktive stoff kan behandle kreft. Tenk på det! , seier Aslaksen.  

Aslaksen er også stolt over utviklinga av intervensjon, spesielt intervensjon hos pasientar med hjerneslag der ein fiskar ut tromber (blodpropp). Også for det takkar han Trond Mohn for hjelp til å skaffe avanserte røntgenapparat som gjer dette mogleg.  

– Det har vore ein revolusjon innan arbeidet med intervensjon, i samarbeid med Nevrologisk og Nevrokirurgisk avdeling, seier han. 

Skal jobbe med VeraVest

Sjølv om Aslaksen gir seg som leiar av Radiologisk avdeling vil han fortsatt jobbe ved sjukehuset nokre år til, iei 30 prosent stilling for VeraVest-prosjektet. 

VeraVest står for “Verdibasert radiologi i Helse Vest”, og målet er å forbetre tilvisingar frå fastlegar til radiologiske avdelingar og røntgeninstitutt. Der er samarbeid med fastlegar heilt avgjerande for å få riktig bruk av radiologi. 

– Vi ønsker å auke kvaliteten i fastlegars og sjukehuslegars tilvisingar  til radiologiske tenester slik at dei radiologiske tenestene blir brukt på ein mest mogleg nyttig måte for pasientane. Så langt har vi blant anna laga tilvisingsråd og vi held kurs for fastlegar, fortel Aslaksen som framover vil ha kontor hos Mohn Medical Imaging and Visualization center (MMIV) i 5. etasje på nye Haraldsplass, der Helse Bergen leiger lokale.  

Skal også leve det gode liv 

Aslaksen er ikkje redd for at det blir tomt i livet utan leiarjobb på Haukeland. På fritida skal han vere med kona si, som han elskar å vere samanmed. Han er også velsigna med fleire barnebarn på Østlandet, hytte på Filefjell og hus på Sørlandet. I tillegg er han omgitt av gode venner som han ønsker å bruke meir tid med. 

– Eg ønsker å leve det gode liv. Så eg håper at eg får behalde helsa slik at eg kan gå turar i fjellet, gå på konsertar, nyte god mat heime og på restaurantar, og å drive med fotohobbyen min, avsluttar Aslaksen.