Bioingeniørane sin dag
I dag 15. april er det bioingeniørane sin dag, og det vart markert med kake, twist og ballongar på fredag.
Publisert 15.04.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
I tillegg skal Seksjon for assistert befruktning ha stand på Kvinneklinikken tysdag, der dei skal vise ein sædprøve i mikroskop og film med utviklinga av befrukta embryo.
Mykje av arbeidet på Haukeland og i primærhelsetenesta hadde stoppa opp utan denne svære arbeidsgruppa. Ved avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) utfører dei årleg over 10 millionar analysar, og har over 350 tilsette. Bioingeniørar er både helsearbeidarar og ingeniørar og er den største yrkesgruppa ved sjukehuset sine medisinske laboratorium.
Ein variert jobb
Ein av plassane prøvane som blir tatt kan hamne, er i maskina Asma Ben Fadhel viser fram. Ho jobbar i Mikrobiologisk avdeling og her analyserer dei mellom anna klamydiatestar som kjem inn frå både sjukehuset og frå primærhelsetenesta. Her er målet å gi svar på folk sine prøvar raskt, men utan at det skal gå utover kvalitet. Asma fortel at det er spennande å kunne gi svar til dei som har sendt inn prøven sin.
Alle desse maskinene treng vedlikehald, som kan vere vanskeleg då mange går døgnet rundt. Ei av dei som tek seg av vedlikehaldet er Hilde Vines. Ho kontrollerer og gjer vedlikehald på mange av dei viktige maskinene rundt om kring på Haukeland. Ho fortel at ho trivst veldig godt i jobben og at på hennar avdeling får ein moglegheit til å bli betre kjent med alle dei andre arbeidsgruppene på sjukehuset.
Mykje av arbeidet på sjukehuset har hastverk då prøvane er viktig for vidare behandling av pasientar som kjem inn i Akuttmottak. Åsne Ree Michelsen er ei av dei som tek i mot prøvar frå akutten. Her må ofte resultat bli sendt tilbake innan kort tid. Svar her i frå kan vera uvurderlege når det hastar for pasientane.