Navn: Sølvi Brox Sletten
Alder: 50
Utdanning: Medisinsk sekretær, og etterutdanning som helsesekretær
Stilling: Helsesekretær
Kva gjer du i dag?
Jobbar som operasjonsplanleggar for grå stær-operasjonar ved Augeavdelinga, kontorseksjonen.
Kva er hovudoppgåvene dine til vanleg?
Planlegge timar til forundersøking for grå stær, sette opp timar til operasjon og etterkontrollar. Bestilling av forbruksvarer og andre nødvendige varer.
Kor tid arbeider du?
Vanleg arbeidstid er måndag til fredag 08:30-16:00. I tilleg har vi vaktordning der vi er med i vaktteam ved avdelinga og då er arbeidstida 11.30-19:00.
Kva er ein bra arbeidsdag for deg?
At pasienten er nøgd med behandlinga her hos oss. At alt går på skinner, at eg får gjort det eg faktisk skal gjere. Det er også viktig med god stemning og godt humør mellom kollegaer og pasientar.
Kva ser du fram til på jobb i haust?
Det er ikkje noko spesielt som skjer hos oss i haust.
Kva er ditt fagmiljø opptatt av om dagen?
At det er lite fokus på det merkantile yrket.
Kva er den største misoppfattninga om ditt yrke?
At vi berre jobbar med sekretæroppgåver på sjukehuset, vi kan nyttast til så mykje meir enn det. Mange helsesekretærar ved Augeavdelinga tar forundersøkingar før pasienten skal til lege, eller injeksjonsbehandling.
Kvirfor bør andre velge dette yrket?
Det er eit interessant yrke, du kan utvikle deg og du blir utfordra.