Digital rehabilitering for hjartepasientar
Tid og stad er den største skilnaden frå tradisjonell hjarterehabilitering til eHjerteRehab, eit elektronisk program som skal følgje hjartepasientar gjennom rehabilitering heime i si eiga stove.
Publisert 30.05.2021
Sist oppdatert 12.04.2023
Gjennom filmsnuttar, ein medisin-app og informasjon på nett, skal Helse Bergen-prosjektet gjere det mogleg for hjartepasientar å motta rehabilitering heime. Prosjektet har fått støtte frå fleire hald.
Her kan du lese meir om prosjektet.