Etablering av eit register for intensiv, pandemi og kriser
Under koronapandemien vart Norsk intensiv- og pandemiregister ad hoc vidareutvikla til å innehalde ein pandemidel. No har dei regionale helseføretaka godkjent oppretting og drift av eit nasjonalt generisk register for intensiv, pandemi og kriser, som vil vere ei vidareutvikling av det eksisterande registeret.
Etableringa
Helse Vest fekk i mars 2020 i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å utvide det eksisterande Norsk intensivregister med ein pandemidel, for å registrere og overvake kor mange pasientar som var innlagd på sjukehus med covid-19.
Den nye pandemidelen vart raskt etablert og tatt i bruk, og nyvinninga fekk namnet Norsk intensiv- og pandemiregister.
Den nye pandemidelen i registeret skulle i utgangspunktet ikkje vere evigvarande, men var tenkt å ha varigheit ut koronapandemien.
– Pandemidelen har vært viktig desse åra. Vi har sendt mykje data til sentrale myndigheiter frå registeret og vi er takksam for den jobben som er gjort med registrering i alle helseføretaka.
Vidareutvikling av registeret
No er det vedteke å utvikle registeret permanent, ved å etablere ein ny modul som skal ligge klar til bruk ved pandemiar og andre kriser.
– Erfaring frå arbeidet med pandemidelen gjorde at vi i spesialisthelsetenesta såg behov for å ha eit slikt register klart idet behovet oppstår ved neste krise, seier Eirik Alnes Buanes, leiar av Norsk intensiv- og pandemiregister.
Registeret skal også inkludere ein oversikt over ressursar i spesialisthelsetenesta. Registeret vil gjere helsesektoren betre rusta ved ein framtidig pandemi eller krisesituasjon.
– I staden for å bruke ressursar på å måtte opprette eit register i ein liknande situasjon i framtida, kan vi gå rett i gong med å bruke dei modulane vi no lagar. Dette vil gjere det mogleg å skaffe oversikt raskt og bidra til å gi pasientane god behandling.
Kva skal registeret innehalde?
Registeret skal bestå av tre modular:
- Intensivmodul – eksisterande Norsk Intensivregister
- Pandemi- og krisemodul – «sovande» modular klare til bruk ved behov
- Ressursmodul – skal ha oversikt over spesialisthelsetenesta, og resursar og utstyr
Ei interregional arbeidsgruppe har jobba med vidareutviklinga av registeret, og alle regionale helseføretak har gitt sin tilslutnad til opprettinga. Ambisjonen er å ha ein konkret modul for neste pandemi klar før sommaren 2024.