2. plass til Haukeland i Forsker grand prix 2023
Onsdag 27. september var det Forskar Grand Prix, der ni forskarar i Bergensregionen konkurrerte om å bli beste formidlar. Vi gratulerer Kristine Fjellanger frå Kreftavdelinga med ein flott andreplass!
Publisert 26.09.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
Kristine Fjellanger forskar på om det å halde pusten under strålebehandling er nyttig, og om det er trygt.
I finalen i Forskar Grand Prix vart ho kun slått av kandidaten frå Havforskningsinstituttet, som begeistra publikum og dommarar med sitt foredrag om korleis menneskeskapt lyd i havet påverkar dyreplankton.
Frå Helse Bergen stilte også Elen Siglen, som forskar på chatbot som informasjonskjelde for pasientar med arveleg kreft og deira pårørande

Vi gratulerer med god innsats til begge to!